Mari Lønseth

norsk jurist og Høgre-politikar frå Trondheim
(Omdirigert frå Mari Holm Lønseth)

Mari Holm Lønseth (fødd 29. august 1991) er ein norsk jurist og politikar frå Trondheim. Ho har sidan 2017 vore stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag og for partiet Høgre.

Mari Lønseth

Fødd29. august 1991 (32 år)
Trondheim
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkeadvokat, politikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
EktefelleSivert Bjørnstad
Alle verv

Lønseth er er utdanna i jus ved Universitetet i Oslo. Frå 2015 jobba ho i advokatfirmaet Steenstrup Stordrange si avdeling i Trondheim.

Lønseth engasjerte seg i politikk frå tidleg i tenåra. Ho var medlem i Trondheim bystyre frå 2011 til 17. Til stortingsvalet 2017 fekk ho andreplassen på Høgrelista i Sør-Trøndelag, og vart vald inn med stor margin. Perioden 2017-21 hadde ho plass i Helse- og omsorgskomiteen. Lønseth vart attvald til stortinget 2021-25.

Kjelder endre