marillion.com
Studioalbum av Marillion
Utgjeve 18 oktober 1999
Innspelt desember 1998 – august 1999 i The Racket Club iBuckinghamshire, England
Sjanger Progressiv rock, neo-progressiv rock, alternativ rock, poprock
Lengd 62:28
Selskap Intact
Produsent Marillion, Steven Wilson
Kritikk
Marillion-kronologi 
Radiation
(1998)
marillion.com Anoraknophobia
(2001)


marillion.com er det ellevte studioalbumet til det britiske progressiv rock-bandet Marillion. Albumet vart utgjeve i oktober 1999, og er oppkalla etter den offisielle nettstaden til Marillion. Albumet vart spelt inn i Marillion sitt eige studio The Racket Club i Aylesbury.

marillion.com var det første av albuma til Marillion som det ikkje vart utgjeve noko singel frå. Det vart berre laga ein promo-CD med tre av songane frå albumet. Albumet var òg det første av albuma til Marillion som ikkje kom inn blant Top 40 på den britiske albumlista.[3]

Dei fleste av songane på albumet vart påbyrja under innspelinga av det førre albumet til gruppa, Radiation. To av songane vart miksa, men lagt til side og omarbeidd for marillion.com. Dette var «Interior Lulu» og «Tumble Down the Years».

Marillion støytte på tekniske problem under miksinga av songane på marillion.com. Nick Davis miksa tre av songane i eit anna studio medan Marillion fekk installert ein ny miksepult i deira eige studio The Racket Club. Gruppa likte likevel ikkje lyden frå den nye miksepulten, og avgjorde seg for å setje inn att den gamle og mikse resten av songane på denne. Under det vidare arbeidet oppstod det feil på datautstyret til den gamle miksepulten, og dette gjorde miksearbeidet vanskeleg. Til slutt fekk dei Steven Wilson, hovudmann i gruppa Porcupine Tree og dugeleg musikkprodusent, til å mikse ferdig dei siste songane til albumet.

Kjøparane av marillion.com kunne sende inn ein slipp frå CD-omslaget og få tilsendt ein gratis CD med bonusmateriale. Denne CDen, kalla marillion.co.uk, innehalde blant anna konsertopptak, demo-material og ein kort video med eit promo-intervju av bandet i samband med lanseringen av albumet. Det meste av dette materialen hadde tidlegare vore tilgjengeleg på spesialutgjevingar gruppa selde på nettsida sin. marillion.co.uk har sidan vorte gjeve ut på ny to gonger, oppdatert med nyare bonusmateriale.

Nettadressa marillion.com var opphavleg ått av ein av fansen til gruppa, og innehalde ei uoffisiell men respektert nettside om gruppa. Då gruppa sjølv tok skrittet ut på nettet, registrerte dei først adressa marillion.co.uk, før dei under vennskapelege omstende fekk overta .com-adressa og bygde opp den offisielle nettsida der.

I 2002 gav Marillion ut ein dobbelt-CD med demo-material frå innspelinga av marillion.com, kalla Caught in the Net. Denne utgjevinga inneheld blant anna dei opphavlege versjonane av «Interior Lulu» og «Tumble Down the Years».

Innhald endre

All musikk er komponert av Marillion.

Nr.TittelTekstLengd
1.«A Legacy»John Helmer6:16
2.«Deserve»Steve Hogarth4:23
3.«Go!»Hogarth6:11
4.«Rich»Hogarth5:43
5.«Enlightened»Hogarth5:00
6.«Built-in Bastard Radar»Helmer4:52
7.«Tumble Down the Years»Helmer4:34
8.«Interior Lulu»Hogarth, Helmer15:14
9.«House»Hogarth10:15
Total lengd:62:28

Medverkande endre

Marillion
Andre
  • Ben Castle – saksofon på «Deserve»
  • Neil Yates – trompet på «House» og «Deserve»
  • Andy Rotherham – handklapping på «Rich»

Lister endre

År Liste Plassering
1999 UK Albums Liste 53[4]
Tyskland 55[5]
Nederland 40[6]

Kjelder endre

  1. Hill, Gary. «marillion.com overwiew». Allmusic. 
  2. Sollow, Stephanie. «marillion.com overwiew». ProgressiveWorld.net. 
  3. everyhit.com
  4. «Marillion liste positions in the UK». The Official Charts Company. 
  5. «Marillion albums liste positions in Germany». Media Control GfK International. [daud lenkje]
  6. «Marillion liste positions in the Netherlands». MegaCharts. 

Bakgrunnsstoff endre