Marta Steinsvik

norsk forfattar

Marta Steinsvik, f. Tonstad, (23. mars 187727. juli 1950) var ein norsk forfattar, omsetjar, målkvinne og fyrste kvinne uteksaminert som teolog ved Menighetsfakultetet.

Marta Steinsvik

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. mars 1877
Flekkefjord kommune
Død

27. juli 1950 (73 år)

Yrke skribent, redaktør, journalist, omsetjar
Ektefelle Rasmus Olai Steinsvik
Born Kjell Steinsvik

Marta Tonstad vart fødd på garden Skjeggestad i Bakke sokn ved Flekkefjord den 23. mars 1877. Faren Torkell Tonstad var fødd i Sirdal, men var den tida lærar i Flekkefjord. Han åtte òg garden Skjeggestad, og her var Marta til ho var tre år gamal. Mora Ingeborg var òg frå Tonstad, og båe var av særs gamle bondeætter.

I 1894 tok ho til å skriva i avisa Den 17de Mai, som hadde teke til å koma ut same året.

Den 16. mai 1896 gifta ho seg med Rasmus Olai Steinsvik, som var ein av mennene bak bladet Den 17de Mai.

I 1910 vart ho redaktør for tidsskriftet Kringsjaa. Ho var språkmektig og omsette mange bøker til nynorsk. Mellom anna omsette ho Jean d’Arc av Louis de Conte frå 1905 og Kvar gjeng du? (originaltittel: Quo vadis?) av Henryk Sienkiewicz frå 1903.

I mellomkrigstida argumenterte ho for gjeninnføring av jødeparagrafen i Grunnlova og for at jesuittar også i fortsetjinga skulle vere nekta tilgang til Noreg. Ho heldt fram det sterkt jødefiendtlege og konspiratoriske falsumskriftet Sions vises protokollar som sanning og kritiserte katolisismen hardt.[1]

Frimodige ytringer kom i 1946 og handla om landssvikoppgjeret etter den andre verdskrigen.

Referansar endre

  1. Aftenposten: «Jøder og jesuiter.» 6. mai 1925

Bakgrunnsstoff endre