Mekka er ein by i Hejaz i Saudi-Arabia.[3] Han er hovudstaden i Mekka-regionen og ligg 70 km inn i landet frå Jidda i ein smal dal, kring 277 meter over havet. I 2012 hadde byen kring to millionar innbyggjarar, men under hajj, den muslimske pilegrimsreisa til Mekka, vert dette talet meir enn tredobla.

Mekka
arabisk مكة
Bakkah
by
Kallenamn: Al-Mukarramah (مكة المكرمة, 'Den heilage byen Mekka')
Umm al-Qurā (أم القرى, 'Mor til alle busetnader')
Land  Saudi-Arabia
Region Mekka-regionen
Høgd 277 moh.
Koordinatar 21°25′N 39°49′E / 21.417°N 39.817°E / 21.417; 39.817
Areal 760 km² [1]
Folketal 1 675 368  (2010)[2]
Folketettleik 2 204 / km²
Borgarmeister Osama al-Bar
Provinsguvernør Mishaal bin Abdullah Al Saud
Tidssone AST (UTC+3)
 - Sommartid AST (UTC+3)
Retningsnummer (+966) 12
Kart
Mekka
21°25′21″N 39°49′34″E / 21.4225°N 39.826111111111°E / 21.4225; 39.826111111111
Wikimedia Commons: Mecca
Nettstad: www.holymakkah.gov.sa

Byen er den heilagaste staden i islam.[4] Det var her Muhammed vart fødd og seinare stod fram som Guds sendebod.[5][6] Å vitja byen er ein viktig del av religionen og under hajj kjem millionar av pilegrimar til Mekka. I Mekka ligg Kaba, heilagdomen som hyser den svarte steinen, på den opne plassen inni moskéen Al-haram, og muslimar vender seg mot Mekka og Kaba i bøn.

Mekka vart lenge styrt av etterkomarane til Muhammed, sharifane, som anten fungerte som sjølvstendige herskarar, eller som vasallar til større makter. Byen vart erobra av Ibn Saud i 1925. I moderne tid har Mekka gjennomgått ei enorm utviding, med bygg som hotellet Abraj Al Bait, den tredje høgaste bygningen i verda og den bygningen i verda med størst golvareal. Under utvidinga har Mekka mist somme av dei historiske byggverka og arkeologiske stadene, som Ajyad-festninga.[7] I dag vitjar meir enn 15 millionar muslimar Mekka i året, mellom anna sju millionar dei få dagane hajj varer.[8] Mekka har slik vorte ein av dei mest kosmopolitiske og mangfaldige byane i den muslimske verda,[9] trass i at ikkje-muslimar er utestengde frå byen.[10]

Historie endre

Mekka ligg i Hijaz-ørkenen ikkje langt frå Raudehavet. Byen var òg ein viktig by før Muhammed si tid. Han låg langs den arabiske handelsvegen for krydder og røykjelse, ein veg som gjekk sørfrå til Egypt, Jidda, Persiabukta og Mesopotamia.

 
Mohammed rir mot Mekka.

Muslimsk tradisjon fortel at kjøpmannen Muhammed såg erkeengelen Gabriel i ørkenen utanfor Mekka for fyrste gong i 609. Han tok til å preika den nye religionen islam, men få av dei som budde i Mekka lét seg lokka. Til slutt måtte han fly derifrå til Medina. I 630 kom Muhammed attende som leiaren for ein stor muslimsk hær og erobra Mekka. Innbyggjarane måtte konvertera til den nye monoteistiske religionen.

Mekka og islam endre

Mekka er sidan denne tida vorte den viktigaste byen i islam. Sidan hendingane i Mekka stammar frå tida før skiljet mellom sjia- og sunniislam er han heilag for båe retningane. Al-haram-moskeen vert rekna som den heilagaste staden i verda.

Ei av dei fem søylene i islam er å vitja Mekka minst éin gong i livet, under hajj. Muslimar som har råd kan vitja byen kvart år, men innreisa til landet er vorte avgrensa dei siste åra for å hindra for store folkemengder.

Ei pilegrimsreise til Mekka utanfor hadj-månaden dhu al-hidja er òg ei heilag handling som vert kalla umra.

I Mekka vitjar pilegrimane Kaba, rekna som Guds hus, og den heilage zamzamkjelda. Dei dreg òg ofte til landsbyen Mina og Arafatåsen i nærleiken.

Mekka og ikkje-muslimar endre

Mekka vert rekna som så heilag at byen er forboden for ikkje-muslimar. Likevel har fleire slike lurt seg inn forkledde som muslimar. Ein av dei best kjende er den engelske eventyraren Richard Burton, som tok seg inn i byen i 1835. Han fortalde seinare om opplevingane sine i Personal Narrative of a Pilgrimage to Al Madinah and Meccah.

Ettersom bilete og fjernsynsoverføringar frå byen er vortne vanlege, har fleire ikkje-muslimar fått innblikk i dei tidlegare så hemmelege rituala, slik at mykje av nyfikna dimed er stilla. Namnet på byen vert i dag brukt om ein kva for helst stad som er viktig eller verd å vitja for ei særskild gruppe, til dømes «handle-Mekka».

Tragediar endre

Det har vore fleire dødsulukker i samband med dei store menneskemengdene som samlar seg i Mekka under hajj. Den verste skjedde i 1990 då 1 426 vart trampa i hel i ein tunnel. Liknande ulukker i 1994, 1998 og 2004 drap 270, 180 og 251 kvar. Styresmaktene i Saudi-Arabia prøver å hindra fleire slike hendingar ved å setja grenser for kor mange som får vitja landet og å overvaka folkemassane under hajj. Likevel kan det stadig skje ulukker, som i 2006, då eit blokkhus fall saman og drap 76.

Mekka har òg vore utsett for terrorisme og religions-politiske demonstrasjonar. I 1989 drap bomber i Al-haram-moskeen éin pilegrim medan samanstøytar mellom antivestlege demonstrantar og saudiske tryggingsstyrkar førte til at kring 400 døydde.

Geografi endre

Mekka ligg 277 meter over havet, og om lag 80 km inn i landet frå Raudehavet.[11] Det sentrale Mekka ligg i ein dal mellom fjella, som ofte vert kalla Mekkadalen. Området består av dalen Al Taneem, Bakkahdalen og Abqardalen. Fjella i området har styrt korleis byen utvidar seg. Sentrum av byen i Masjid al-Haram-området ligg lågare enn det meste av resten av byen. Området kring moskeen utgjer gamlebyen. Hovudavenyane er Al-Mudda'ah og Sūq al-Layl nord for mosken og As-Sūg Assaghīr i sør. Saudiarabarane utvida Stormoskeen i sentrum av byen, der det før sto hundrevis av hus, som no er erstatta av avenyar og torg. Tradisjonelle hus er bygde av lokal stein og er vanlegvis to til tre etasjar høge. Mekka dekkjer i dag i alt ei flatevidd på 1200 km².[12]

I førmoderne tid nytta byen eit par viktige vasskjelder. Dei fyrste var lokale brunnar, som Zamzambrunnen, som hovudsakleg inneheld brakkvatn. Den andre kjelda var Ayn Zubayda-kjelda. Utspringet til denne kjelda ligg i fjella J̲abal Saʿd (Jabal Sa'd) og Jabal Kabkāb, som ligg nokre få kilometer aust for Jabal Arafa eller kring 20 km søraust for Mekka. Vatnet vart transportert frå kjelda i underjordiske kanalar. Ei særs sporadisk, tredje kjelde var regnfall som vart lagra i små cisterner. Sjølv om det sjeldan kjem regn, utgjer det ein trugsel for flaum når det fyrst skjer. Ifylgje Al-Kurdī har det vore 89 historiske flaumar fram til 1965, inkludert fleire i saudiarabisk tid. Den mest alvorlege i førre hundreåret var i 1942. Sidan den gongen har ein bygd fleire dammar for å betra problemet.[13]

Bydelar endre

Klima endre

Mekka har eit særs turt klima. I motsetnad til andre saudiarabiske byar er Mekka òg varm om vinteren, med temperaturar frå 18 °C på natta til 30 °C om dagen. Sumartemperaturane er særs høge og stig ofte til over 40 °C på ettermiddagen og søkk ned mot 30 °C på kvelden. Det vesle regnet som kjem, kjem mellom november og januar.

Vêrdata for Mekka
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 37 38,3 42 44,7 49,4 49,4 49,8 49,6 49,4 46,8 40,8 37,8 49,8
Gjennomsnittleg maks °C 29,9 30,8 33,6 36,8 40,3 41,9 41,3 40,9 40,5 38,3 34,2 31,8 36,7
Døgnmiddeltemperatur °C 23,7 24,1 27,2 30,8 34,3 35,7 35,8 35,6 35 31,5 27,3 24,9 30,5
Gjennomsnittleg min °C 17,6 17,4 20,4 22,3 27,5 28,3 29,1 29 28 24,8 21,2 18 23,6
Lågast målte °C 11 10 13 15,6 20,3 22 23,4 23,4 22 18 16,4 12,4 10
Gjennomsnittleg nedbør mm 20,6 1,4 6,2 11,6 0,6 0 1,5 5,6 5,3 14,2 21,7 21,4 110,1
Gns. luftfukt (%) 58 54 48 43 36 33 34 39 45 50 58 59 46
Kjelde: [14]Weather2Travel (sunshine)[15]


Venskapsbyar endre

Kjende folk frå Mekka endre

Kjelder endre

  1. «Mekka Municipality». Holymakkah.gov.sa. Henta 3. februar 2013. 
  2. «Population». Statistical Yearbook 47 (2011). Central Department Of Statistics & Information. Henta 15. november 2013. 
  3. Merriam-Webster's Geographical Dictionary. 2001. s. 724. ISBN 0 87779 546 0. 
  4. Nasr, Seyyed (2005). Mekka, The Blessed, Medina, The Radiant: The Holiest Cities of islam. Aperture ISBN 089381752X
  5. Khan, A M (2003). Historical Value Of The Qur An And The Hadith. Global Vision Publishing Ho. s. 26–. ISBN 978-81-87746-47-8. 
  6. Al-Laithy, Ahmed (2005). What Everyone Should Know About the Qur'an. Garant. s. 61–. ISBN 978-90-441-1774-5. 
  7. Taylor, Jerome (24. september 2011). «Mekka for the rich: islam's holiest site 'turning into Vegas'». The Independent (London). 
  8. A Saudi tower: Mekka versus Las Vegas: Taller, holier and even more popular than (almost) anywhere else, The Economist (2010-06-24), Kairo.
  9. Fattah, Hassan M.islamic Pilgrims Bring Cosmopolitan Air to Unlikely City, The New York Times (2005-01-20).
  10. Esposito, John L. (2011). What everyone needs to know about islam. Oxford University Press. s. 25. ISBN 9780199794133. «Mekka, like Medina, is closed to non-Muslims» 
  11. Islamic World, s. 13
  12. «Mekka Municipality». Holymakkah.gov.sa. Henta 6. april 2010. 
  13. "Makka – The Modern City", Encyclopaedia of Islam
  14. «Weather averages Mekka». PME. Henta 17. august 2009. 
  15. «Mekka Climate and Weather Averages, Saudi-Arabia». Weather2Travel. Henta 14. oktober 2014. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mekka
  Reiseguide for Mekka frå Wikivoyage