Melis (frå eldre fransk [sucre] mélis, av mellomalderlatin [sacharum] melitense, tyder '[sukker] frå Malta')[1] er ein type raffinert sukker som er svært finmale til ei kvit pulverform. Det har same samanetting som kvitt sukker, men har mindre korn.[2]

Melis

Melis blir mykje brukt oppå bakverk til glasur, der ein blandar han med væske eller eggekvite og eventuelt konditorfarge.[3] Melis kan òg brukast til marsipan og i kransekakedeig, eller laust strødd som snø oppå bakverk.[4]

Melis blir ofte tilsett nokre prosent stive som antiklumpemiddel, til dømes potetstive.[4][2]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «melis» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 «Fakta om sukker», Krem.no (på norsk bokmål), 12. februar 2018, henta 12. mai 2020 
  3. «Slik lager du perfekt melisglasur», Bakelyst (på norsk bokmål), 14. desember 2016, henta 12. mai 2020 
  4. 4,0 4,1 Dansukker, «Melis», www.dansukker.no (på norsk bokmål), henta 12. mai 2020