Mesopotamisk mytologi

Mesopotamisk mytologi omfattar mytar, religiøse tekstar og annan litteratur som kjem frå regionen til Mesopotamia i oldtida, særleg frå samfunna i Sumer (ca. 5300–2334 f.Kr.), Akkad (ca. 2334–2218 f.Kr.), Assyria (ca. 2500–609 f.Kr.) og Babylonia (1895–539 f.Kr.). Det var sivilisasjonar som eksisterte i regionen mellom elvane Tigris og Eufrat i dagens Irak.[1] Mesopotamia er rekna som ei sivilisasjonsvogge.[2] Verka frå denne kulturen er hovudsakleg bevarte på stein eller på leirtavler, og blei nedskrivne med kileskrift. Fleire lengre tekstar har overlevd, ein del av dei er rekna som dei eldste tekstane i verda og har gitt historikarane innsikt i mesopotamisk ideologi, religion og kosmologi.

Tavle V av Gilgamesjeposet frå den gammalbabylonske perioden, 2003-1595 f.Kr.
Lamassu, ein portalvaktar, frå Nimrud. I dag i British Museum.

Dei eldste straumingane av mesopotamisk religiøse tankar er daterte til midten av 3000-talet f.Kr. og involverte dyrking av naturkrefter som forsørgarar av mat og livsopphald. På midten av 2000-talet f.Kr. hadde objekta ein dyrka blitt personifiserte og blitt til ei omfattande rekke av guddommar med særskilde eigenskapar og funksjonar. Folka i Mesopotamia følgde ein polyteistisk religion med menneskeliknande gudar og gudinner. Dei siste stadia av den mesopotamiske gudeverda, som utvikla seg på 1000-talet f.Kr., innførte ei større vektlegging på personleg religion og strukturerte gudane inn i eit monarkisk hierarki med den nasjonale guden som overhovud av gudeverda.[3] Mesopotamisk religion og mytologi fekk til sist ein nedgang med spreiinga av iranske religionar under Akamenideriket og med spreiinga av kristendommen i Mesopotamia.

I den eldste tida i Mesopotamia var ei form for presteskap dei som hadde all autoritet frå gudane. Prestene var både representant for guddommen og formidlar mellom guden og folket. Seinare blei den sekulære makta etablert i ein konge, men kongen hadde også særskilte religiøse plikter. Kongen styrte på nåde frå guden, og fekk sjølv ei form for guddommeleg autoritet. Astrologi og spådomskunst spelte ei stor rolle.

Ein del mesopotamiske mytar er reflekterte i bibelske forteljingar, som førestillingar om Edens hage (paradiset), den store flaumen (syndfloda), den kosmologiske skapinga (Etana-myten),[4][5] og Babels tårn (opphavssoga for språka). Som den eldste siviliserte religionen i verden har mesopotamiske trusførestillingar hatt stor innverknad på seinare monoteistiske religionar som jødedommen, kristendommen og islam.

Skapinga endre

Det er mange ulike forklaringar for skapinga av verda i mesopotamisk mytologi. Grunnen er at det fleire ulike kulturar i området og endringar i forteljingane som er felles har årsaka si i den munnlege forteljartradisjonen. Mytane deler likevel felles eller nærståande tema, men kronologien for hendingane varierer basert på kvar eller kva tid forteljinga blei skriven ned.

Det finst ingen særskilde skriftlege nedteikningar som forklarer mesopotamisk religiøs kosmologi direkte i dag. Likevel har moderne forskarar undersøkt ulike forklaringar, og oppretta det dei har grunn til å tru er i det minste ein delvis nøyaktig framstilling av mesopotamisk kosmologi.[6] I «Skapingseposet», som er datert til rundt 1200 f.Kr., er det forklart at guden Marduk drap morgudinna Tiamat og nytta halvparten av kroppen hennar til å skapa jorda og den andre halvparten til å skapa både paradiset šamû og underverda irṣitu.[7] Eit dokument frå ein tilsvarande periode slo fast at universet var ein sfæroide med tre nivå av šamû der gudane budde og der stjernene eksisterte, og over tre nivå av jorda nedanfor henne.[8]

Atrahasis endre

Atrahasis (Atra-Hasis, «svært vis») viser både til ein av dei mesopotamiske mytane som tek for seg skapingav jorda, og til hovudfiguren i denne myten.[9] Myten har kanskje assyriske røter ettersom det er mogleg ein fragmentert versjon er blitt avdekt i Ashurbanipal-biblioteket, sjølv om omsetjinga er usikker. Den mest fullstendige bevarte versjonen blei skriven ned på akkadisk. Myten byrjar med skapinga av menneske av morgudinna Mami for lette arbeidet til gudane. Ho byrja ved å skapa dei frå ei blanding av leire, kjøt og blod frå ein drepen gud. Seinare i forteljinga prøvde guden Enlil å kontrollera overbefolkninga til menneska gjennom ulike metodar, som svolt, tørke og til sist ein stor flaum (sjå syndflod). Menneskja blei redda av Atrahasis som åtvara mot flaumen og bygde eit skip for å sleppa unna vatnet, go blidgjorde til slutt gudane med ofringar.[9]

Eridu Gensis endre

Eridu Gensis, den sumeriske skapingsmyten, har ei tilsvarande handling til akkadiske Atrahasis, men teksten eksisterer berre i fragmentert form og handlinga er derfor vanskeleg å forstå. Dei to mytane deler likevel den store flaumen som den viktigaste hendinga, men helten som overlever i Eridu Genesis er kalla Zi-ud-sura og ikkje Artahasis. Eridu Gensis blei skriven ned omtrent på same tid som Atrahasis, men den fragmenterte leirtavla blei avdekt i Nippur, i dagens austlege Irak, medan versjonen med Atrahasis blei funnen i Ashurbanipal-biblioteket i nordlege Irak. Blant dei delane som er gått tapt er det grunn til å tru at ein kunne ha funne forteljingar om skapinga av menneska og bygginga av ein båt (eit ark).[10][11]

Enuma Elish endre

Enuma Elish er ein babylonsk skapingsmyte med uklar komposisjon, men som kanskje kan daterast tilbake til bronsealderen. Dette stykket er det grunn til å tru at blei lesen opp i ei rituell feiring av det babylonske nyttåret. Ho tek for seg fødselen til gudane og skapinga av verda og av menneska for å tena gudane og letta arbeidsbyrda deira.[9] Fokuset til forteljinga er å lovprisa Marduk, verneguden til Babylon, som skapte verda, kalenderen og menneskja.[12]

Helteepos endre

Helteepos pleier å fokusera på ein stor heilt, og følgja ferda deira gjennom prøvingar eller viktige hendingar i liva deira. Desse forteljingane finst i mange kulturar rundt om i verda, og gjev ofte innsikt i verdiane til dei respektive samfunna. Til dømes kan ein kultur som feira ein helt som var vigd gudane eller respekterte forfedrane sine gje ein idé om at samfunnet verdsette slike verdiar.

Gilgamesj endre

Gilgamesj-eposet er ein av dei best kjende mesopotamiske mytane, og er også rekna som ei av dei eldste formene for skjønnlitteratur i verda. I byrjinga var det fleire individuelle korte forteljingar, og blei ikkje sett saman til eit samanhengande epos før på 1700-talet f.Kr.[13][14] Forteljinga følgjer den sumeriske kongen Gilgamesj og den gode vennen hans Enkidu gjennom ulike eventyr og søken fram til Enkidu døyr. Den andre halvdelen handlar om Gilgamesj og fortvilinga hans over døden til vennen og si eiga døyelegheit og leitinga hans etter udøyelegheit. Han feilar til sist, men har kome overeins med døyelegheita si og vender attende til byen sin Uruk som ein klokare konge.[15]

Myten om Adapa endre

Den eldste nedskrivne versjonen av myten om Adapa er frå 1300-talet f.Kr. Adapa var ein sumerisk mann som blei signa av guden Enki med umåteleg klokskap. Ein dag blei Adapa slått overende av sønnavinden og blåsen på havet, og i raseri braut han vengene til sønnavinden slik at han ikkje lenger kunne blåsa. Adapa blei kalla inn for å bli dømt av guden An, og før han drog blei han åtvara av Enki om å ikkje eta eller drikka noko som blei tilbode han. An innsåg kor klok Adapa var, og tilbaud han maten som gav udøyelegheit, noko Adapa, etter rådet frå Enki, takka nei til. Denne forteljinga er nytta som ei forklaring på kvifor menneskja er døyelege, og er assosiert med den jødisk-kristne forteljinga om Syndefallet.[16][17] Adapa var ein viktig figur i mesopotamisk religion. Namnet hans blei nytta til fremja makt innan åndemaning, og blei ein arketyp for ein klok herskar. Namnet verker også å ha vore brukt som tittel for ein «vismann».[18]

Gudeverda endre

Mesopotamisk religion var polyteistisk, slik at ein godtok eksistensen av mange ulike gudar, både mannlege og kvinnelege. Han var også henoteistisk (ein gud får udelt merksemd utan at ein nektar for andre), med særskilde gudar som blei forstått som overordna andre av dei særskilde tilhengjarane deira.[19] Desse tilhengjarane var som regel frå ein viss by eller bystat som heldt den særskilde guden sin som vernar for denne staden. Til dømes var guden Enki knytt til byen Eridu i Sumer, guden Ashur til Assur og Assyria, Enlil med den sumeriske byen Nippur, Ishtar med den assyriske byen Arbela, og guden Marduk med Babylon.[20] Det samla talet på gudar i Mesopotamia var stort. Den finske orientalisten Knut Tallqvist, i Akkadische Götterepitheta (1938), telte rundt 2 400 som då var kjente, dei fleste av dei hadde sumeriske namn. På sumerisk blei gudane refererte til som dingir, medan på akkadisk var dei kjende som ilu, og det verker som om det var synkretisme mellom gudane til sumerarane og akkadarane ved at dei adopterte og tilpassa kvarandre sine gudar.[21]

Kjelder endre

  1. «Mesopotamian Mythology»
  2. «The Gods Of Mesopotamian Mythology», God Checker
  3. «Mesopotamian Religion», History on the Net
  4. «The Myth of Etana», Gates to Babylon
  5. Sarna (1997), s. 50
  6. Bottéro (2001), s. 77–78
  7. Bottéro (2001), s. 79
  8. Bottéro (2001), s. 80
  9. 9,0 9,1 9,2 Dalley (1989): Myths from Mesopotamia
  10. Jacobsen (1994), s. 129.
  11. «Eridu Genesis», Livius.org
  12. Enuma Elish - The Babylonian Epic of Creation, Ancient History Encyclopedia (inkluderer den opprinnelige teksten)
  13. «Mesopotamian religion»
  14. Nightingale, S. (3. januar 2017): «He who saw the Deep: The Epic of Gilgamesh», Medium.com
  15. Coogan (2013): A reader of ancient Near Eastern texts
  16. Altaweel& Squitieri (2018): Revolutionizing a world
  17. Rogers (1912): Cuneiform Parallels to the Old Testament
  18. Andreasen (1981), s. 179–194
  19. Bottéro (2001), s. 41
  20. Bottéro (2001), s. 53
  21. Bottéro (2001), s. 45