Al Pouessi, døypt Marthe Adélaïde Modeste Testas og ålmenn kjend under namnet Modeste Testas (1765-1870) var ei etiopisk kvinne som blei fanga og gjord til slave, kjøpt i Vest-Afrika av kjøpmenn frå Bordeaux og seld til ein slaveplantasje på Hispaniola i Karibia. Ho blei seinare frigjord. Ein av etterkommarane henner er ein tidlegare president for Haiti, François Denys Légitime.

Modeste Testas

Fødd 1765
Afrika
Død

1870 (105 år)

Modeste Testas på Commons
Statue av Modeste Testas, på Quai des Chartrons i Bordeaux.

Liv og virke endre

Modeste Testas blei fødd med namnet Al Pouessi, etter forteljingane i Etiopia i Aust-Afrika.[1][2] Ho blei fanga i eit raid i ein alder av fjorten år etter ein strid med ein annan stamme, og blei transportert til Vest-Afrika der ho blei seld.[3] Ho blei kjøpt mellom 1778 og 1781 av Pierre og François Testas, som var kjøpmenn og slavehandlarar frå Bordeaux og eigarar av ein sukkerplantasje på øya Hispaniola.[4]

Ho kom til Bordeaux, der ho blei døypt av brørne Testas i 1781 og som gav ho namnet Marthe Adelaïde Modeste Testas.[5] Same år ble ho transportert med François Testas til plantasjen deira på Hispaniola.[5] Ho fekk to barn med eigaren sin. Som slave kunne ho ikkje gje samtykke, og omstenda ved forholdet deira er ukjend.[1][6]

I 1795 flytta François Testas frå Haiti (vestre del av Hispaniola) til New York. Han tok med seg slave-tenestefolka sine, blant dei Modeste Testas og Joseph Lespérance.[7] Etter å ha flytta til Baltimore døydde François i Philadelphia. I testamentet sitt frigjorde han dei slavane han eigde. For Testas var eit av vilkåra for frigjevinga hennar at ho skulle gifte seg med Lespérance.[1]

Paret vende tilbake til Hispaniola der Modeste Testas arva land. Ho og Lespérance fekk fleire barn.[1][3]

 
Bilethoggaren Woodly Caymitte ved sin statue av Modeste Testas.

Modeste Testas døydde i 1870 i ein alder av 105 år på eigedommen sin i nærleiken av byen Jérémie.[8]

Ettermæle endre

Eit av barnebarna til Modeste Testas, François Denys Légitime, som var son av Tinette Lespérance, blei president i Haiti frå 1888 til 1889.[7]

Den 10. mai 2019 blei ein bronsestatue av Testas, laga av den haitiske skulptøren Woodly Caymitte, avduka i Bordeaux.[9][10] Statuen er 1,7 m høg og er plassert i Bordeaux ved breidda av floden Garonne, der skip løp ut og over Atlanterhavet.[11]

Den 13. september 2021 blei statuen av Testas funnen med kvit maling helt over. Motivet blei antatt å vere knytta til rase (rasisme). Rådmann Stephane Gomot uttalte at om ein kan stadfeste at rasisme var motivet, ville det bety eit «meget ofseleg åtak på alt kva denne statuen representerer», herunder «minnet om menneske som blei deportert av slavehandlarar».[12]

Litteratur endre

  • Lorraine Manuel Steed: Modeste Testas: Sur les traces de mon ancêtre esclave africaine à Saint-Domingue au XVIIIe siècle, ISBN 978-99970-974-7-7, Haiti 2021

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Hadson, Albert. «La France va honorer la grand-mère d'un ancien président haïtien». archive.wikiwix.com. Henta 23. mars 2021. 
  2. Jahan, Sébastien (1. september 2020). «Collectif " Sortir du colonialisme Gironde ", Guide du Bordeaux colonial et de la métropole bordelaise. Paris, Syllepse, 2020, 247 p., 10 €.». Cahiersd'histoire. Revue d'histoire critique (på fransk) (146). ISSN 1271-6669. doi:10.4000/chrhc.14863. 
  3. 3,0 3,1 «La mémoire de l’esclavage et de la traite négrière à Bordeaux» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 23. oktober 2020. Henta 14. september 2021. 
  4. Testas-brørne er omtalt i bind 3 av boken La part Française de l'Isle de Saint-Domingue af Médéric Louis Élie Moreau de Saint-Méry. p. 1552.
  5. 5,0 5,1 «Modeste Testas - Mémoire de l'esclavage et de la traite négrière - Bordeaux». www.memoire-esclavage-bordeaux.fr (på fransk). Henta 23. mars 2021. 
  6. «Journée de commémoration de la traite négrière : la statue d'une ancienne esclave installée à Bordeaux». FranceBleu (på fransk). 10. mai 2019. Henta 23. mars 2021. 
  7. 7,0 7,1 «Haiti - Memory : Bordeaux inaugurates the statue of a slave of the Haitian sculptor, C. Woodly - HaitiLibre.com : Haiti news 7/7». www.haitilibre.com. Henta 23. mars 2021. 
  8. «Bordeaux : et l'esclave Modeste Testas sortit de l'oubli». SudOuest.fr (på fransk). Henta 23. mars 2021. 
  9. Onishi, Norimitsu (24. juni 2020). «GeorgeFloyd's Killing Forces Wider Debate on France's Slave-Trading Past». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 23. mars 2021. 
  10. AFP. «Noting colonial past, French city adds info plaques to slave trader street signs». www.timesofisrael.com (på engelsk). Henta 23. mars 2021. 
  11. Forrest, Alan (2020). «Remembering and forgetting: How France's slaving ports have come to terms with their past». HistoryCompass (på engelsk) 18 (10): e12632. ISSN 1478-0542. doi:10.1111/hic3.12632. 
  12. «French slave statue defaced in apparent racist attack» (på engelsk). BBC. 13. september 2021.