Monique Wittig (13. juli 19353. januar 2003) var ein fransk forfattar og feministisk teoretikar.[1]

Monique Wittig

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 13. juli 1935
Dannemarie
Død

3. januar 2003 (67 år)
Tucson

Yrke essayist, romanforfattar, filosof, universitetslærar, skribent, aktivist
Språk fransk
Medlem av Gouines rouges, Tusenfryder, Mouvement de libération des femmes, Front homosexuel d'action révolutionnaire
Ektefelle Sande Zeig
Monique Wittig på Commons

Wittig var fødd i Dannemarie i Haut-Rhin. I 1964 gav ho ut den fyrste romanen sin, barndomsromanen L'Opoponax. Ho deltok i grunnlegginga av Mouvement de libération des femmes og seinare òg av Gouines rouges, den fyrste organisasjonen for lesbiske kvinner i Paris. I 1969 gav ho ut ut det utopiske feministiske verket Les Guérillères, som fekk stor tyding for den nye kvinnerørsla i Frankrike, og i 1973 den skjønnlitterære Les Corps lesbien. Eit sentralt omgrep for henne var den heteroseksuelle kontrakten, som ho rekna for å vera det underliggande grunnlaget for korleis kjønn blir definert i heterodogmatiske samfunn, og meinte at oppheving av kjønnsidentitetar er naudsynleg for å oppnå full identitet og fridom for enkeltpersonar. Eit utval av dei teoretiske artiklane hennar blei publiserte i La Pensée straight (2001).[2]

Wittig døydde i 2003 i Tucson i Arizona i USA.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Monique Wittig, 67, Feminist Writer, Dies (Published 2003)» (på engelsk). 12. januar 2003. 
  2. «Monique Wittig». Nationalencyklopedin. Henta 30. mars 2021.