Musculus levator scapulae

Musculus levator scapulae, (frå latin, levator - «løftar», scapulae - «som høyrer til skulderbladet»), på norsk somtid òg kalla skulderbladløftaren, er ein ryggmuskel som går mellom skulderbladet og ryggsøyla.

Musculus levator scapulae
Bilete viser musklane som knyter overekstremiteten til ryggsøyla. M. levator scapulae er vist i raudt. På høgresida av ryggen er m. trapezius fjerna.
Norsk namn Skulderbladløftaren
Gray's subject #121 435
Utspring Dei bakre knutane på tverrtaggane på dei fire øvste halsvirvlane, processi transversi vertebrae sine tubercula posteriora, C1 - C4.
Feste    Overkanten av skulderbladet, margo superior scapulae.
Arterie A. dorsalis scapulae.
Nerve Spinalnervane frå tredje og fjerde ryggmergsegment og n. dorsalis scapulae frå armnerveflettverket, plexus brachialis.
Rørsle Løftar skulderbladet og bikkar det slik at skulderleddet går inferiort.
Antagonist M. serratus anterior

Utspring og feste endre

Han spring ut frå halstverrtaggane sine bakre knutar på dei fire øvste halsvirvlane, tuberculus posterior processi transversi vertebrae C1-C4. Han festar seg på den øvre kanten og mediale hjøret av skulderbladet, margo superior et angulus mediale scapularum.

Innervasjon endre

Han er innervert frå spinalnervar frå fjerde og femte ryggmergsegment, og ofte av ein grein frå n. dorsalis scapulae som kjem frå armnerveflettverket, plexus brachialis.[1]

Rørsle endre

M. levator scapulae sin hovudrørsle er å løfte skulderbladet opp og medialt. Når skulderbladet er stabilisert av andre skulderbladsmusklar vil kontraksjon av muskelen føre til at nakken blir bøygd mot den sida kor muskelen trekkjer seg saman.

Fleire bilete endre

Kjelder endre

Sjå òg endre