Nafta

kjemisk sambinding

Nafta, white spirit, er ei gruppe av flytande hydrokarbon som opptrer som mellomprodukt ved raffinering med kokepunkt frå 70 til 140 ℃,[1] som kan koma frå råolje eller frå kol og andre kjelder.

Nafta blir brukt som halvfabrikat for å produsera ein høgoktan bensinkomponent ved bruk av den katalytiske reformingsprosessen. Nafta blir òg brukt i petrokjemisk industri for å produsera olefin i krakkerar og i kjemisk industri for løysemiddel, til reingjeringsføremål.

Nafta blir også brukt som nemning på eit anna stoff, dietyleter.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «nafta». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 7. november 2021.