Newbiggin i Teesdale

Newbiggin er ein landsby og eit civil parish (tilsvarande kommune) i County Durham i England. Folketalet ved folketeljinga i 2011 var 146.[1] Landsbyen ligg på nordsida av Teesdale, med Holwick på andre sida. Ei tilflytting av blygruvearbeidarar frå Derbyshire til området på slutten av 1700-talet kan ha ført namnet hit frå Biggin. Byen ligg i North Pennines Area of Outstanding Natural Beauty (AONB).[2]

Newbiggin
landsby
Land  England
Fylke County Durham
Kart
Newbiggin i Teesdale
54°38′35″N 2°08′06″W / 54.643°N 2.135°W / 54.643; -2.135
Wikimedia Commons: Newbiggin in Teesdale

Landsbyen ligg ved elva Tees over High Force, eit av dei mest imponerande fossefalla i England. Den vesle bygda Bowlees ligg i nærleiken.

Det blei bygd eit metodistkapell i Newbiggin i 1760 på land kjøpt av tre av dei omreisande predikantane til John Wesley og fire lokale gruvearbeidarar.[3] I mange år blei det sagt at det var eit av dei eldste metodistkapella i kontinuerleg bruk. Det er no ein verna bygning som er gjort om til feriebustad under namnet Newbiggin Chapel.[4]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «Parish population 2011». Henta 7 July 2015. 
  2. «North Pennines AONB». 
  3. «Newbiggin Chapel», National Churches Trust (på engelsk), henta 28. november 2023 
  4. «Newbiggin Chapel», Sykes Cottages (på engelsk), henta 28. november 2023 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Newbiggin i Teesdale