Niklas Wallenlind

Niklas Wallenlind (fødd 21. november 1968) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Göteborg. Han tevla i fremste rekke på 400 meter hekk, men òg på 400 meter.

Niklas Wallenlind
Statsborgarskap Sverige
Fødd 21. november 1968 (55 år)
Göteborg
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992

Wallenlind slo gjennom sommaren 1990 då han vann bronsemedaljen ved EM i Split på 400 meter hekk. Han fekk tida 48,52 sekund i finaleløpet, einast Storbritannias Kriss Akabusi (47,92) og hans eigen landsmann Sven Nylander (48,43) sprang fortare. To år seinare vart Wallenlind femtemann på langhekken under Sommar-OL i Barcelona. I finalen sette han nordisk rekord med 48,35, løpet vart vunne av Kevin Young frå USA som sette verdsrekord på 46,78 sekund (ein rekord som gjeld i 2020). Wallenlinds nordiske rekord vart derimot sletta av Sven Nylander allereie i 1994.

Wallenlind vart svensk meister fire gongar på 400 meter hekk og tre gongar på 400 meter. Personbeste på 400 m er 46,37 sekund, også den personlege rekorden oppnådd i august 1992.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre