Nikopol i Ukraina

Denne artikkelen handlar om byen i Ukraina. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Nikopol.

Nikopol (ukrainsk Ні́кополь; russisk Ни́кополь; gresk Νικόπολις, tyder Sigersbyen) er ein by i Ukraina i Dnipropetrovsk oblast, ved høgrebreidda av elva Dnepr, kring 100 km sørvest for Dnipropetrovsk. Han har kring 120 000 innbyggjarar (2010) og er den tredje største byen i oblastet og blant dei 50 største i landet. Byen er eit senter for industri og samferdsel og ligg ved Kakhovkareservoaret.

Nikopol
Нікополь
by
Rådhuset
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Dnipropetrovsk oblast
Bykommune Nikopol
Koordinatar 47°34′N 34°24′E / 47.567°N 34.400°E / 47.567; 34.400
Areal 50 km²
Folketal 122 873  (2010)
Folketettleik 2 457 / km²
Grunnlagd 1782
Postnummer 53200—53239
Retningsnummer +380-5662
Kart
Nikopol i Ukraina
47°34′00″N 34°24′00″E / 47.566667°N 34.4°E / 47.566667; 34.4
Wikimedia Commons: Nikopol, Ukraine

Byen var tidlegare ein kosakkplass med namnet Nikitin Rog, og fekk bystatus og det noverande namnet sitt i 1782. I løpet av slutten på 1800-talet vart han ein viktig industriby.

Grava til kosakkleiaren Ivan Sirko ligg i Nikopol.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre