Nilgiri Mountain Railway


11°20′40″N 76°47′31″E / 11.344317°N 76.791945°E / 11.344317; 76.791945 Nilgiri Mountain Railway er ein tannstongjarnbane mellom Mettupalayam og Ugamandalam (Ooty) i Tamil Nadu i det sørlege India. Banen vart bygd av britane i 1908, og vart frå starten drive av Madras Railway Company.[1] Banen nyttar framleis dei gamle damplokomotiva.[2] I juli 2005 vart banen sett på UNESCOS verdsarvliste. etter å ha tilfredsstilt kriteria, og lova å avstå frå modernisering.[3].

Damplokomotiv på banen, fotografert i 2010
Eit passasjertog strevar i bakkane
Toget klatrar gjennom grøn skog

Banen er den einaste tannstongbanen i India. Han har meterspor, og er 48 km lang. Den gjennomsnittlege stigninga er 1:24, men på det brattaste 1:12. Over ei 46 kilometer lang strekning går banen gjennom 208 svingar, 16 tunnelar og over 250 bruer. Turen opp tek 290 minutt, ned 215.

Mot det som er normalt for tog, skyv lokomotivet toget oppover på den brattaste strekninga, medan det på nedturen er plassert i front av toget. Dette vert gjort for at lokomotivet lettare skal kunne stogge toget om bremsane i vognene svikta. Etter Coonoor og fram til Ooty er det etter måten flatt, og her dreg lokomotivet toget på vanleg vis. På denne strekninga vert det no nytta diesellokomotiv.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. «Mountain Railways of India». UNESCO. Henta 1. mars 2010. 
  2. Indian Hill Railways: The Nilgiri Mountain Railway. [TV]. BBC. 21 February 2010. 
  3. NMR added as a World Heritage Site

Bakgrunnsstoff endre