Nimrod i Golanhøgdene

Nimrod (hebraisk נִמְרוֹד) er ei lita israelsk busetjing og ein moshav i Golanhøgdene på sørsida av Hermon, og den høgastliggande sivile busetjinga i Israel, 1110 meter over havet. Moshaven er ein del av Golan regionale kommune. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[1]

Nimrod
moshav
Utsyn mot Hermon frå landsbyen
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 33°14′43″N 35°45′05″E / 33.24528°N 35.75139°E / 33.24528; 35.75139
Kart
Nimrod i Golanhøgdene
33°14′43″N 35°45′04″E / 33.245277777778°N 35.751111111111°E / 33.245277777778; 35.751111111111
Wikimedia Commons: Nimrod, Golan Heights

Nimrod vart kalla opp etter den nærliggande, gamle Nimrodborga, og ligg nær Neve Ativ og drusararbyane Majdal Shams, Masade og Ein Kinya. Busetjinga vart opphavleg grunnlagd som ein paramilitær Nahal-utpost den 31. januar 1982. Nimrod vart ein sivil busetnad i januar 1999 og husar no seks familiar. Landsbyen livnærer seg hovudsakleg av turisme.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «The Geneva Convention». BBC. 10. desember 2009.