Nina Apollonovna Ponomarjova[a] (fødd Nina Romasjkova27. april 192919. august 2016)[1] var ein sovjetisk-ukrainsk diskoskastar frå Sverdlovsk, som i 1952 vart den fyrste sovjetiske olympiameisteren. Ho vart olympisk meister i diskosøvinga i 1952 og 1960 og europameister i 1954.

Nina Ponomarjova

Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 27. april 1929
Nizjnij Tagil
Død

19. august 2016 (87 år)
Moskva

Yrke friidrettsutøvar, friidrettstrener
Språk russisk
Høgd 173 centimeter
Nina Ponomarjova på Commons

Aktiv endre

Den 20. juli 1952 vann Nina Romasjkova den fyrste olympiske gullmedaljen for Sovjetunionen då ho kasta diskosen 51,42 m under sommar-OL i Helsingfors. Etter sommarleikane forbetra ho i Odessa verdsrekorden til 53,61 m den 9. august.

I 1954 vart Ponormajova europameister i diskoskast i europameisterskapen i Bern med 48,02 m. To år seinare tok ho bronsemedaljen i dei olympiske leikane i Melbourne med 52,02 m, småskadd og nesten utrena.

Under sommarolympiaden 1960 i Roma vann Ponomarjova si andre olympiske gullmedalje i diskoskasting. Vinnarkastet målte 55,10 meter. Ho kom så på sjetteplass i friidretts-EM 1962 i Beograd, og vart nummer 11 under sommarleikane i Tokyo i 1964.

Merknadar endre

  1. Russisk skrift Нина Аполлоновна Пономарёва

Kjelder endre

  1. Grimes, William (23. august 2016). «Nina Ponomareva, Soviet Olympian Who Set Off a Diplomatic Crisis, Dies at 87» (på engelsk). The New York Times. Henta 22. januar 2017.