Nonnette er ei lita fransk krydderkake laga med appelsinmarmelade og honning.

Nonnette
Oppskoren nonnette.

Kaka er kjend som ein spesialitet frå Dijon og Bourgogne, mellom anna hjå Dijon-bakeriet Mulot & Petitjean frå 1796. Ho er også kjend frå Champagne-Ardenne, særleg i område rundt Reims, i Baccarat i Lorraine, rundt Lyon og noko lenger sør.

I mellomalderen blei slike kaker laga av nonner, noko som er opphavet til namnet. Kakene blei ofte selde til reisande på diligencar og seinare med tog på 1800-talet.

Kjelder endre