Norðurlandahúsið

Norðurlandahúsið í Føroyum ('Nordens husFærøyane'), i kortform Norðurlandahúsið, er den viktigaste kultur- og møtelokalet på Færøyane. Det ligg i hovudstaden Tórshavn. Huset vart innvigd den 8. mai 1983, og har som mål å fremja nordisk og færøysk kultur. Kunstnarar frå heile verda framfører eller stiller ut her. Norðurlandahúsið er kjent for ein spesiell arkitektur med opne glasveggar mot eit grastak som går i eitt med lia attom. Dette har vore ein sterk, medverkande faktor til at grastak har fått ein renessanse i moderne byggekunst på Færøyane.

Nordens hus 2014
På utsida
Foto: Arne List (1985)
Utstilling
Foto: Arne List (1984)

Bygging endre

Den leiande sjølvstyrepolitikaren Erlendur Patursson (1913–1986), medlem av både Lagtinget og Nordisk råd, kom med ideen om å byggja eit slikt kultursenter. I 1977 vart det kunngjort ein nordisk arkitektkonkurranse, som etterkvart fekk 158 deltakarar. Vinnarane vart Ola Steen frå Noreg og Kolbrún Ragnarsdóttir frå Island. Nordisk råd støtta prosjektet med to tredjedelar av alle byggekostnadene, totalt 70 millionar færøyske kroner. Sluttresultatet var at 92 prosent av kostnadene vart dekt av Nordisk råd, medan den attverande summen vart dekt av Færøyanes regjering.

Det meste av byggematerialet bestod av glas og stål, som vart importert frå Danmark. Bærebjelkene er frå Island, medan graset på taket er færøysk. På innsida av bygninga er golvet hovudsakleg norsk granitt; mellom annan i lobbyen er det dessutan ein del skifer frå Gudbrandsdalen. All materialet av basalt er frå Færøyene, medan alle stolane er frå Finland. Innerveggene er kleidd med tømmer frå Sverige. Med glasfasade heile vegen rundt og plasseringa høgt i terrenget, har ein ei pen utsikt over Tórshavn og mot Nólsoy.

Norðurlandahúsið har ein romslig lobby, ein kafeteria, ein spesialutforma dansesal med parkettgolv for færøysk ringdans og utstillingar, og dessutan ein stor sal som rommar meir enn 400 personar. Det er i tillegg eit anna rom likt eit amfiteater som kan knytast til den største salen.

Den 8. mai 1983 vart bygninga innvigd, og huset har sidan då vore Færøyane sitt kultursentrum.

Viktige markeringar endre

  • North Atlantic Music Event, annakvart år
  • Prix Føroyar (1995–2005), annakvart år
  • Nyttårskonserten
  • Sommarutstillinga
  • Partileiardebattar, ved lagtingval

Direktørar endre

Norðurlandahúsið er heleigd av Nordisk råd. Ansvaret for den daglege drifta ligg hos eit fellesskandinavisk utval med ein direktør.

Periode Direktør Land
1983–1984 Steen A. Cold   Danmark
1984–1985 Hjörtur Pálsson   Island
1985–1989 Karin Flodström   Sverige
1989–1994 Jan Kløvstad   Norge
1994–1999 Peter Turtschaninoff   Finland
1999–2005 Helga Hjörvar   Island
2005– Niels Halm   Danmark

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre