Norrfors
63°46′10″N 18°59′35″E / 63.769401°N 18.99313°E Norrfors er ein liten tettstad i Nordmalings kommun i Västerbottens län, Sverige.
Historie endre
Norrfors er eit jernbanesamfunn som oppstod då Stambanen gjennom øvre Norrland blei bygd på 1890-talet. Norrfors kyrkje blei oppført i 1923.
Under og etter andre verdskrigen blomstra busetnaden. Trekol, framstilt i kolomnar og kollmiler, blei lasta i jernbanevogner for vidare transport. Det var òg ein møbelfabrikk her, seinare kjend som Norrlandsmöbler.
I dag vert det ikkje lenger drive utvinning av trekol her, og møbelfabrikken er nedlagt. Det vert derimot drive noko turisme her, i samband med Lögdeälven.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Norrfors» frå Wikipedia på bokmål, den 5. juli 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Lundkvist, Tyko: Hembygdsboken
- Råde, Adolf: Nordmalings kyrka och församling