Oddrun Grønvik (fødd 18. august 1947) er ein norsk leksikograf, hovudredaktør for Norsk Ordbok og forskar på Universitetet i Oslo, der ho byrja som redaktør i juli 1987. Ho hadde ansvar for leksikografisk og digital utvikling og opplæring frå 2002 og var ein av hovudredaktørane frå 2007 til 2015

Oddrun Grønvik
Fødd18. august 1947
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkevitskapsperson, leksikograf

Bakgrunn endre

Oddrun Grønvik er dotter av Einfrid Perstølen og Odd Lien Grønvik.

Etter å ha tatt artium på Grorud gymnas, studerte Oddrun Grønvik på Universitetet i Oslo og frå 1967 til 1970 på University of Oxford, der ho tok ein bachelorgrad i engelsk språk og litteratur ved St Hilda's College.

Karriere endre

Grønvik arbeidde eit år i Sunday Times i London før ho fekk jobb som redaktør for barnebøker i Den norske Bokklubben. Frå 1975 jobba ho eit år i skrivarstova i Noregs Mållag før ho i 1976 byrja som redaktør for generell litteratur i Forlaget Oktober. Etter tre år der var ho frå 1979 konsulent i Norsk språkråd til 1987. Ho tok hovudfag i 1985 på Universitetet i Oslo med avhandlinga Målbruken i offentleg teneste 1930-1940. Denne vart òg gitt ut som bok på Det Norske Samlaget.

Saman med professor Herbert Chimhundu var Oddrun Grønvik frå 1991 til 2006 prosjektleiar for ALLEX-prosjektet, eit prosjekt mellom University of Zimbabwe og UiO for utvikling av ordbøker for shona og andre språk i det sørlege Afrika. For denne innsatsen vart ho tildelt grada Doctor of Letters (honorary) frå Universitetet i Zimbabwe då prosjektet vart avslutta i 2006.

Frå 1990 til 2005 var Grønvik leiar for foreininga for mukopolysakkaridosesykdommane i Noreg. Frå 2000 til 2003 var ho medlem av fagnemnda i Norsk språkråd og frå 2007 til 2014 i Språkrådet sitt Fagråd for normering og språkobservasjon. Ho har òg hatt fleire verv i Noregs Mållag og Studentmållaget i Oslo.

Utgjevingar endre

Oddrun Grønvik har skrive vitskaplege og populære artiklar om norsk språk, språkutvikling, språknormering, leksikografi og digitalisering av språkressursar, særleg ordbøker. I mars 2017 hadde ho 152 publikasjonar i Cristin.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre