Olav Groven

norskspelemann

Olav Groven, (10. juni 189519. april 1929), var ein kjend spelemann frå Eidsborg sokn i Lårdal i Telemark; i dag Tokke kommune. Han var ein eldre bror av komponisten og spelemannen Eivind Groven.

Olav Groven
Fødd10. juni 1895
Død19. april 1929 (33 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar
FarOlav Gøytil

Heimemiljøet endre

Olav vart fødd på garden Groven i Gøytilsgrend, som den tredje av fem brør, av foreldra Olav Gøytil og Aslaug Rikardsdotter Berge. Alle brørne, så nær som ein, kom til å ta ved fela, men det var berre Olav og Eivind som vann meisterskap i spelet. Farbrørne Aslak Gøytil og Olav Sandok spela òg fele, og det same gjorde morbrørne, Olav og Aslak Berge. Heimen på Groven var eit rikt musikalsk miljø med song og spel i levande tradisjon. Rikard Gøytil, syskenbarn på både fars- og morssida, voks upp på granngarden, Uppigard Gøytil, men flutte etter ei tid til Berge på Rauland der han med tida tok over. Rikard Gøytil lærde å spela på om lag på same tid som Olav og var ram til å eigne til seg spel.

Av dei som vanka på Groven, lyt ein og nemne Olav Tveito frå Vinje. Han hadde oftast fela med seg. Spela gjorde òg tenestguten Johan Høgli. Då Olav var ti år gamal, lurde han seg til å låne fela hans Johan medan denne var ute etter høy. Faren vart var dette, og kjøpte fele til guten.

Av dei som Olav lærde av, var og Øystein Hovdestad, Kjetil Haugen og Ånund Tveiten frå Høydalsmo, som var i tenest på Groven ei tid. Seinare møtte Olav Lars Hovden i Øyfjell og Tarjei Tvigyva i Lårdal. Særleg den siste var Olav oppteken av. Seinare då Olav var vaksen kar, kunne han stogge og vike plassen for Targjei når den eldre spelemannen kom. Gjennom Tarjei Tvigyva fekk Olav Groven stoff etter Myllarguten.

Fremste førebiletet hans Olav var vel spelemannen Eilev Smedal frå Seljord. Han heldt konsert i Vinje i 1910 då Olav var femten år gamal. Seinare møttest dei att i 1928, og Olav meinte at Eilev var den beste spelemannen han hadde høyrt nokon gong.

I vaksen alder la Olav seg mykje etter spelet frå dei midtre Telemarksbygdene, og råka mellom andre Torkjell Haugerud og Gunnulv Borgen, Høye Kvåle og Kjetil Flatin, dei siste to frå Seljord.

Olav forma òg om på slåttar han hadde lært. Han var ein fantasirik spelemann. Men det er berre ein slått han skal ha laga, Olav Groven minne. Olav lika godt dei store, utbygde skåtteformene. Når Eivind Groven gjekk etter dei eldre formene og ville skrive dei ned, kunne Olav seia: «Dette er ikkje noko å hava!» Olav lærte heller aldri notar, men tok, som vanleg var, slåttane på øyra. Eivind var ofte mellommann når Olav lærde seg nytt, vert det fortalt. Olav spela og slåttar som Eivind hadde gjort.

Olav Groven deltok første gong på kappleik i 1918, og vart nr. 2 på lista etter vinnaren Kjetil Flatin. Seinare var han årvisst med på kappleikar.

Ekteskap, born og tidleg død endre

I 1922 gifte Olav seg med Margit Hylland frå Vinje. Dei slo seg ned på Nesland, og Olav fekk seg krambu på staden. Det vart vel so som so med handelen, for om det kom spelemenn på vitjing, stengde han bua med skiltet: «Bui er stengd. I dag spilar me.» Olav og Margit fekk tre søner på stutt tid, Johans (f. 26.mai 1922), Einar [f. 9.januar 1924) og Magne (f. 14.august 1925). I 1925, då den yngste sonen var tre månader, døydde mora brått av blodpropp.

Olav og Margit hadde på den tid flutt attende til Groven. Olav var alt då merkt av sjukdom. Han sleit med tæring i fire år før han døydde, 33 år gamal. Han er gravlagd attmed kona si på Nesland kyrkjegard.

Mange sytte over tapet av Olav. Ikkje berre hadde Telemark mist ein gåverik spelemann, men tre små gutar hadde mist båe foreldra på få år. Dei tre sønene voks opp på Groven hjå besteforeldra som var i 60-åra då foreldra fall frå.

Røstadfela og spelet etter Olav endre

Broren Eivind ervde den gjævaste fela etter Olav, eit godt, men krevjande instrument. Ho er laga av Gunnar Røstad. Dei fleste opptaka som finst av Eivind Grovens spel, er med den fela. Han hadde ho frå 1929 til han døydde i 1977. I dag er det sonesonen av Olav som har fela, Olav Groven d.y. i Vinje. Det finst og andre feler etter Olav Groven.

Spelet etter Olav Groven vart teke vare på av Eivind Groven og av spelemannen Eivind Mo frå Seljord (fødd på Rauland). Han hadde vore mykje i lag med Olav. Frå Eivind Mo veit me mellom anna at Olav spela meir dur-prega enn Eivind, som tok vare på avvikande tonalitet og meir gamalvoren spelestil.

Hardingfeleverket har trykt opp 26 slåttenedskrifter etter Olav Groven. Slåttar etter Olav og Eivind Groven kan ein m.a. høyra på Lp plate med Eivind Groven, Med hardingfele og seljefløyte på gamle og nye vegar, og CD-en "Urjen" med lyrikaren og spelemannen Stein Versto.

Eidsborg bygdetun er det sett opp ei støtte over kunstnarbrørne Eivind og Olav Groven. Relieffet er laga av Kari Buen.

Kjelder endre

  • Olav Fjalestad (red.): Eivind Groven. Heidersskrift 1971, kapittelet: "Eg kjem i hug at", fortald av Eivind Groven til dottera Aslaug Groven Michaelsen som har ført forteljinga i pennen.
  • Johan Vaa: Spilemannen Olav Groven, Rauland 1994