Olav Svalastog (27. juli 189616. oktober 1979) var ein lærar og politikar frå Nissedal i Telemark, stortingsrepresentant 1945-49 for Kristeleg Folkeparti.

Olav Svalastog
Fødd27. juli 1896
Død16. oktober 1979 (83 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Svalastog tok eksamen ved Notodden lærerskole i 1917. Der etter underviste han eitt år i Vrådal og eitt år i framhaldsskulen i Treungen. Frå 1919 til 1942 var han lærar på folkeskulen i Treungen og samstundes klokkar. Han hadde odel til slektsgarden i Nissedal og dreiv denne frå 1931 til 1954.

Hausten 1945 vart Svalastog vald til stortingsmann frå Telemark, den aller fyrste Kristeleg Folkeparti-representanten frå fylket. På stortinget var han medlem i Landbrukskomiteen. Han lukkast ikkje verte attvald i 1949, så åra 1950-54 arbeidde han i skulestova i Tveit i Åmli kommune. Etter dess var han lærar 1954-57 i Kilebygda i Solum kommune og 1957-63 på Kroken skule i Fjære i Aust-Agder. Medan han budde i Solum, var han 1955-57 medlem i heradsstyret.

Svalastog var aktiv i søndagsskulen. 1933-42 var han formann Aust-Agder søndagsskulekrins og 1942-53 i Telemark søndagsskulekrins.

Kjelder endre