Ole Myrvoll

norsk økonom, politikar og professor

Ole Myrvoll (18. mai 191116. juli 1988) var ein norsk økonom og politikar for Venstre og Det Nye Folkepartiet.

Ole Myrvoll
Fødd18. mai 1911
Kragerø kommune
Død16. juli 1988
Bergen
NasjonalitetNoreg
Yrkesamfunnsøkonom, politikar, professor, faglitterær forfattar
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
Alma materUniversity of Virginia
Norges handelshøyskole

Utdanning og yrkeskarriere endre

Myrvoll blei fødd i Kragerø. Han blei uteksaminert som cand. oecon. i 1935, og tok mastergrad ved University of Virginia i 1937. Han arbeidde ved Norges Handelshøyskole i Bergen og fullførte doktorgrad der i 1957. Han var professor i teoretisk samfunnsøkonomi ved NHH frå 1957, og var gjesteprofessor ved Colgate University New York (19581959) og Bowdon College i Maine (1962).

I 1947 kom han inn i formannskapet i Bergen for Venstre.

Regjering endre

Ordførar i Bergen endre

Frå 1972 til 1973 var han den første ordføraren i den samla storkommunen Bergen.

Stortingsrepresentant endre

Då Venstre blei splitta i 1972 gjekk Myrvoll med i Det Nye Folkepartiet (seinare Det Liberale Folkepartiet). I 1973 vart han valt inn på Stortinget for DNF, den einaste gongen partiet fekk valt inn ein stortingsrepresentant.

Stortingskomitéar endre

Seinare yrkeskarriere endre

Etter tida si på Stortinget hadde Myrvoll ei rekkje styreverv, mellom anna som styreleiar for NORAD frå 1977 til 1983. Han døydde i Bergen.

Bakgrunnsstoff endre


Føregangar
Ragnar Juell Morken
Ordførar i Bergen
19721973
Etterfylgjar
Eilert Eilertsen