Ole Veseth
Ole Johannesson Veseth (30. juli 1846–7. september 1907) var ein norsk skulemann og gardbrukar frå Haus i Hordaland. Johannes Olsson Veset var far hans.
Ole Veseth | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. juli 1846 Haus |
Død |
7. september 1907 (61 år) |
Yrke | bonde, politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Moderate Venstre |
Far | Johannes Olsson Veset |
Veseth vart i 1867 seminarist frå Stord. Dei to neste åra var han huslærar, deretter tre år lærar i offentleg skule, til sist to år lærar i privat skule i hovudstaden. Åra 1874-78 styrar ved Svend Foyns private borgarskule i Tønsberg. Frå 1878 var han gardbrukar på farsgarden i Haus.
Veseth var medlem av heradsstyret i Haus frå 1880, ordførar 1884-1904. Forlikskommissær 1884-1905, og ei rekke kommunale verv.
Veseth var 2. representant frå Søndre Bergenhus til Stortinget perioden 1889-91. Valbolken 1895-97 møtte han i 1895 i staden for Baard Haugland frå 1. juli og resten av valperioden. Han var medlem 1889-91 av kyrkjekomiteen, 1895 av sosialkomiteen, 1896-97 av Lagtinget og budsjettkomiteen.
Veseth døydde ugift på Mjelde i Haus i 1907.
Kjelde endre
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914