Olimpiada Ivanova

Olimpiada Vladimirovna Ivanova (fødd 26. august 1970) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Munjaty i Tsjuvasjia som både i 2001 og 2005 vart verdsmeister i 20 km kappgang og i 2002 europameister på same distansen.

Olimpiada Ivanova


Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 26. august 1970 (53 år)
Munsiut
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse, æra meister av idrett i Russland, orden «Za zaslugi pered Tsjuvasjskoj Respublikoj»

Aktiv endre

Ivanova gjekk inn til sølvmedalje under verdsmeisterskapen 1997, før ein positiv dopingtest førte til at ho måtte levere tilbake medaljen. Ho vart der etter stengd ute i to år.

Både under VM i friidrett 2001 i Edmonton og EM i friidrett 2002 i München vann Ivanova kappgang-øvinga på suverent vis. Under sommarleikane 2004 i Aten tok ho sølvmedaljen, fire sekundar bakom greske Athanasia Tsoumeleka og ni sekundar framom Jane Saville frå Australia. Året etter gjekk Ivanova i mål til verdsbestetida 1.25.41 i verdsmeisterskapen 2005 i Helsinki, attåt gullmedaljen fekk ho 100 000 [[US-dollar]9 i premiepengar.

Doping endre

Ivanova var utestengd frå friidretten i to år frå august 1997 etter å ha testa positivt under verdsmeisterskapen i Aten.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre