Oljeforedling er ei samlenemning som omfattar fleire prosessar som går med til å vidareforedle råolje til ferdige oljeprodukt som til dømes bensin, diesel og gass.

Destillasjonstårn

Destillering endre

Destillering er ein vanleg måte å vidareforedle råolje. Det foregår ved at råolje vert varma opp til om lag 400°C slik at det stig opp i eit destillasjonstårn. Fordampa olje på veg opp mot tårnet kjem i kontakt med kondens som er på veg ned og bindingar mellom kondensen og oljedampen.

Ulike oljeprodukt endre

Ein kan foredle mange ulike produkt utav olje. Nokre døme er:

Bensin endre

Størsteparten av råoljen som blir utvunne blir foredla til bensin. Bensin er tilsett diverse stoff og vart tidlegare tilsett organiske blybindingar. I dag får ein berre kjøpe blyfri bensin. Bensin har lågt kokepunkt og går derfor lett over til gassform. Difor bør ein aldri røyke eller lage lage gneistar i nærleiken av bensin. Ein bør òg unngå å ande inn bensindampen.

Nafta endre

Eit av dei viktigaste råstoffa innan produksjon av plast og liknande kjemikal er nafta. Den petrokjemiske industrien har utvikla fleire produkt som plast, vaskemiddel, syntetisk gummi, glykol, syntetiske fibrar og landbrukskjemikal av nafta.

Parafin endre

Parafin blir nytta til blant anna lys, oppvarming og som flybensin. Det er ikkje sett strenge krav til lufting av parafin ettersom den utviklar lite gass, men den er særs brannfarleg. Parafin gir sjeldan hudirritasjonar eller forgiftingar.

White-spirit endre

Vanleg white-spirit er eit løysemiddel som ein kan lage ved å destillere parafin.