Omelett er ein matrett basert på egg, som både kan vera enkel og innvikla. Ordet har opphav i fransk, og omelettar vert ofte rekna som ein del av det klassiske franske kjøkenet.

Måltid med omelett og grønsaker.
Spansk omelett med poteter.

Den enklaste typen omelett er vispa egg tilsett nokre få krydder som vert steikt i ei panne. For å gjera måltidet fyldigare kan ein tilsetja ei rekkje andre ingrediensar, som mjølk, grønsaker, kjøt og smakstilsetjingar. Korleis røra vert vispa har òg mykje å seia for den ferdige omeletten. Det skal mellom anna vera betre å bruka ein gaffel enn ein visp for å piska egga, slik at eggekviten held saman og omeletten blir luftig.

Bakgrunnsstoff endre

Ein kan ikkje laga omelett utan å knusa egg.

Fransk ordspråk.
 
  Wikibooks Cookbook har oppskrifter for: Omelett


Kjelder endre