Paisley (skotsk-gælisk Pàislig) er ein by og tidlegare burgh i Renfrewshire i Skottland. Han ligg omkring 13 km vest-sørvest for Glasgow. Nord for byen møtest White Cart Water og Black Cart Water og dannar elva Cart. Byen er administrativt senter for Renfrewshire. Byen er den femte største i Skottland, og den største med status som town. Han høyrer til den sørvestlege delen av Stor-Glasgow.

Paisley

Rådhuset
Rådhuset
Rådhuset
Plassering
Paisley is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Renfrewshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

72 990
Koordinatar 55°51′N 4°25′W / 55.850°N 4.417°W / 55.850; -4.417
Diverse annan informasjon
Postnummer PA1 - PA3
Telefon-retningsnummer 0141 & 01505
Commons har multimedium som gjeld: Paisley

Paisley ligg ikkje langt frå Glasgow internasjonale lufthamn. Han har også kanalsamband med Glasgow.[1]

Historie endre

Tidlegare meinte ein at den romerske festninga Vanduara, som vart nemnt av Klaudios Ptolemaios, låg der Paisley no ligg. Denne identifikasjonen er basert primært på likskapen mellom namna Vanduara og Gwen-dwr, som ein trur er det brytoniske namnet på White Cart Water. Det er ikkje gjort funn som støttar teorien, og dei fleste har gått bort frå han.

På 1100-talet vart det grunnlagt eit cluniacensarkloster i Paisley, og ei busetjing voks raskt opp rundt dette. Innan hundre år hadde gått vart klosteret eit abbedi. I dag er Paisley Abbey ei kyrkje som står att etter klosteret.

På 1700-talet var han eit viktig senter for tekstilindustri. På 1800-talet blei han særleg kjend for sine paisleysjal, etter mønster av sjal frå Kashmir. Sjala blei først laga i silke og bomull, seinare også i ull. Byen har også hatt stor produksjon av sytråd, kjemikaliar, næringsmiddel og anna.[1]

Paisley har i dag eit tekstilmuseum og eit observatorium.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Paisley» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 23. januar 2015.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Paisley