Pandion cristatus

art av haukefuglar
Pandion cristatus
Pandion cristatus
Pandion cristatus
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Fiskeørnfamilien Pandionidae
Slekt: Fiskeørner Pandion
Art: P. cristatus
Vitskapleg namn
Pandion cristatus

Haukefuglarten Pandion cristatus, engelsk 'Eastern osprey', er ein medlem av fiskeørnfamilien som lever i på Ny-Guinea, Australia og sørvestre Stillehavet. IOC World Bird List lister dette taksonet som ein sjølvstendig art,[1] og arten har ikkje fått norsk namn. Andre autoritetar ser på taksonet som ein underart Pandion haliaetus cristatus av fiskeørn.

Skildring endre

Pandion cristatus skil seg frå arten fiskeørn med litt lysare markeringar i bryst, og teikninga frå auge mot nakke er noko lysare enn hos arten fiskeørn. Undersida av vengene har mindre grad av svart mønster.[2] Elles er denne ørna i stor grad lik fiskeørna som vi ser ho i Eurasia.

Kjelder endre

Referansar
  1. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.2). doi : 10.14344/IOC.ML.11.2 Henta 15. august 2021
  2. Bierregaard, R. O., A. F. Poole, M. S. Martell, P. Pyle, og M. A. Patten (2020). Osprey (Pandion haliaetus), version 1.0. I Birds of the World (P. G. Rodewald, red.). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.osprey.01

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pandion cristatus