Paramillotapakulo
Paramillotapakulo | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Utbreiinga av Paramillotapakulo | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Tapakuloar Rhinocryptidae |
Slekt: | Scytalopus |
Art: | Paramillotapakulo S. canus |
Vitskapleg namn | |
Scytalopus canus |
Paramillotapakulo (Scytalopus canus) er ein fugl i tapakulofamilien. Han er endemisk for Colombia med utbreiing i to små åtskilde område i nordvestlege fjellkjeda av Andes, Cordillera Occidental.
Skildring endre
Paramillotapakuloar liknar andre Scytalopus-tapakuloar, samla sett einsfarga mørk grå fjørdrakt, manglar det brune området på lågare flankar og undergump slik som mange andre i slekta inkludert den nærskylde paramotapakulo. Han har ei kroppslengd på 10,5 centimeter og veg ca. 13 til 16 gram.[1]
Paramillotapakulo er endemisk for fuktige høglandskratt i Cordillera Occidental i Colombia. I dag er han berre kjent frå Páramo de Paramillo og Páramo de Frontino. Utbreiinga er avgrensa til ei smal stripe vegetasjon ved tregrensa, mellom beltet av fjellskog og páramo-grassletter høgre opp. Denne stripa av kratt, småtre og polylepisskog er ofte berre hundre meter brei.[2] Høgda over havet kan vere 3050–4000 moh.[1]
Populasjonen er estimert til å ligge mellom 375 og 1500 individ og er trudd å vere minkande. Når han i tillegg er kjent frå berre eit mindre ubreiingsområde, har han IUCN-status som sterkt truga.[3] Medan han lokalt er vanleg, er det estimerte arealet av eigna habitat innanfor det kjente utbreiingsområdet av paramillotapakulo berre 3 km² totalt. Og av det er berre 0,1 km² effektivt verna. Páramo de Paramillo er ein nasjonalpark, men mykje dårleg verna.
Taksonomi endre
Dette taksonet har tradisjonelt omfatta den meir utbreidde S. opacus som ein underart, og då under fellesnamnet paramotapakulo, eit namn som i dag utelukkande blir brukt for S. opacus. Dei to har ulike læte, noko som førte til at dei vart delt inn i separate artar i 2010.
Om tapakuloar generelt endre
Tapakuloar lever i tett vegetasjon på eller nær bakkenivå og finst hovudsakleg i fjellområda i utbreiingsområdet sitt. Dei kan vere særs krevjande å observere ettersom dei spring i underskogen på ein musaktig måte. Artane er terrestriske, har korte venger og fuglane har derfor dårlege flygeevner. Dei har kraftige bein, godt egna til livet på grassletter og i underskog. Stjerten er oppreist. Dei vert enklast oppdaga og identifisert med hjelp av kjenneteikn i songen.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Paramillo Tapaculo» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2015.
- Krabbe, N.K. & Schulenberg, T.S. (2003). Paramillo Tapaculo (Scytalopus canus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 5. september 2015
- BirdLife International (2015) Species factsheet: Scytalopus canus Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 5. september 2015
- Fundación ProAves (2010). ProAves expedition solves Tapaculo mystery. Henta den 5. september 2015
- Referansar