Per Gudvangen (17151765) var ein norsk spelemann frå Gudvangen i Sogn. Han lever att i gangaren Gudvangen, som er nytta mange stader (sjølv om det ikkje er visst at han var opphav til denne slåtten).

Per Gudvangen
Fødd1715
Død1765 (50 år)
Verka sommusikar

Om Per Gudvangen er det fortald at han kappspela med fanden. Det var nære på han tapte, men så rissa han eit krossmerke inn i fela til Gamle-Eirik, og då laut fanden gje tapt.

Seinare er det fortald korleis Per skulle gå over isen mellom Sogn og Hallingdal, og då hemna fanden seg ved å gjera isen morken, slik at Per gjekk gjennom isen og bleiv. Fela vart funnen seinare, og det var framleis læte i ho.

På grunnlag av desse sogene kan ein gisse seg til at Per Gudvangen var ein dugande spelemann, og at han for mellom Sogn og Hallingdal. Slike ferder kan forklåre noko sams spel mellom desse områda. Han levde om lag samstundes med sønene til Blank-Ola i Hallingdal. Gudvangen kan på same vis ha påverka spelet i Valdres gjennom den første namngjevne spelemannen der, Knut P. Ringestad.

Det er fleire slåttar som ber namnet «Gudvangen» etter Per.

Det var og ein Per Gudvangen som levde på Voss noko seinare. Han er og kjend som Lisbet-Per.