Perikles (omlag 495 f.Kr. – 429 f.Kr.) var ein gresk politikar, general og leier av folkepartiet i Athen, som fekk makta i 462 f.Kr.

Byste av Perikles med indskriften "Perikles, son av Xanthippos, athenske". Marmor, romersk kopi etter ein gresk original frå Ca. 430 f.Kr.

Han var leiar av Athens demokrati. Perikles gav folket medbestemmelse, medan hans diametrale motsetnad i Sparta tvang dei.

Perikles mål var å gjera Athen til den førande greske stat. Då fredsavtala mellom Sparta og Athen 446-445 f.kr. vart brudt avdi Athens voksande flåte, gjorde motstand i den peloponnesiske krig. Krigen svekte folkets tru på Perikles, men han vart vald igjen i 429 f.Kr., då berre som strateg. I ei gravtale til det athenske folk (attgjeve av historikaren Thukydid) i byrjinga av boka om den peloponnesiske krig (omlag 431 f. kr.), priste Perikles Athen for dets åpenhet og godt utvikla demokrati. (Utdrag av denne tala vart hengt opp i alle engelske busar under første verdskrig for å minna britane om, kva dei slost for.)

Perikles utsmykka Athen i samarbeide med kunstnaren Fidias. Han lét millom anna føra opp Parthenon på Akropolis som eit monument over Athens siger i perserkrigane.

Perikles døydde av pest kort etter krigen.