Pickeringitt er eit fibrig mineral med silkeaktig glans og oftast kvitt. Det har den kjemiske formelen MgAl2(SO4)4· 22H2O. Mineralet vert danna sekundært ved forvitring av pyrittførande bergartar.

Pickeringitt

Kobolt-rik pickeringitt frå dei nordlege Slanskéfjella i Prešov-regionen i Slovakia
Generelt
KategoriSulfatmineral
Kjemisk formelMgAl2(SO4)4·22(H2O)
Strunz-klassifisering7.CB.85
KrystallsymmetriMonoklin sfenoidal
H-M-symbol: (2)
Romgruppe: P 2
Einingscellea = 20.8 Å, b = 24.2 Å, c = 6.18 Å; β = 95°; Z=4
Identifikasjon
Fargefargelaus, kvit; kan ha tonar av gul, grøn, eller raud på grunn av ureinleikar
KrystallformSjeldan som nålforma krystallar, radiale eller matteaktige samlingar; typisk som skorper og utfellingar
KrystallsystemMonoklin
KløyvDårleg på {010}
BrotMuslig
Mohs hardleiksskala1.5
Glansglasaktig
TransparensDelvis gjennomsiktig
Spesifikk vekt1.73–1.79
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (-)
Brytingsindeksnα = 1.476 nβ = 1.480 nγ = 1.483
Dobbeltbrytingδ = 0.007
2V-vinkelMålt: 60°
OppløyselegheitFullstendig oppløyseleg i vatn
Kjelder[1][2][3]

Det vart først skildra i 1844 etter ein førekomst i Cerros Pintados i Pampa del Tamarugal i provinsen Iquique, regionen Tarapacá i Chile. Det vart kalla opp etter den amerikanske språkforskaren og filologen John Pickering (1777–1846).[2]

Det er skildra frå Fåvang. Førekomsten av naturlege sulfat i Gudbrandsdalen (sjå òg halotrichitt) har vore kjent i fleire hundre år. Dei vart tidlegare brukt av den lokale folkesetnaden ved farging av tekstil. Det lokale namnet på salta er «hakkemette».

Kjelder endre