«Plastic Man»
Singel av The Kinks
B-side

«King Kong»

Utgjeve 28. mars 1969
Innspelt Mars 1969
Pye Studios (No. 2), London
Sjanger Rock
Lengd 3:04
Selskap Pye 7N 17724 [1]
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
Britisk Kinks-kronologi 
«Days»
(1968)
«Plastic Man» «Drivin'»
(1969)


«Plastic Man» er ein song av The Kinks frå 1969, skriven av Ray Davies.

Songen er i liknande stil som tidlegare Kinks-songar som «Dedicated Follower of Fashion». Han vart skriven som eit forsøk på å oppnå ein hitsingel og vart gjeven ut berre få dagar etter innspelinga. Det førre året hadde vore kommersielt katastrofalt for The Kinks. Dei to førre singlane deira hadde ikkje nådd Topp 10 i Storbritannia, og nådde ikkje singellista i det heile i USA. Albumet The Kinks Are the Village Green Preservation Society nådde heller ikkje salslistene.

Planen slo feil då dei nytta ordet «bum» (rumpe) i linja «...plastic legs that reach up to his plastic bum»), som gjorde at BBC nekta å spele songen på radio. Singelen nådde berre 31. plass i Storbritannia og dei neste singalane deira nådde ikkje singellista i det heile.

Singelen vart ikkje gjeven ut i USA.

Begge sider av singelen, samt stereoutgåve av begge to, vart gjevne ut som bonusspor på CD-utgåva av Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire).

Medverkande endre

Katrina and the Waves endre

Songen vart spelt inn og gjeven ut som singel i 1984 av Katrina and the Waves (Silvertown STS 7). B-sida var òg ein Kinks-song, «Animal Farm». Singelen nådde ikkje singellista i Storbritannia. Den neste singelen deira vart gjennombrotshitten deira, «Walking on Sunshine».

Kjelder endre

  1. Plastic Man på kinks.it.rit.edu