Propaganda av Sparks

Propaganda
Studioalbum av Sparks
Utgjeve 11. november 1974
Innspelt 1974
Sjanger
Lengd 33:41
Selskap Island
Produsent Muff Winwood
Sparks-kronologi 
Kimono My House
(1974)
Propaganda Indiscreet
(1975)


Singlar frå Propaganda
  1. «Never Turn Your Back on Mother Earth» med «Alabamy Right»
    Utgjeve: Oktober 1974
  2. «Propaganda/At Home, at Work, at Play» med «Marry Me»
    Utgjeve: 1974 (FR)[4]
  3. «Something for the Girl with Everything» med «Marry Me»
    Utgjeve: Januar 1975
  4. «Achoo» med «Something for the Girl with Everything»
    Utgjeve: Mars 1975 (USA)[5]

Propaganda er det fjerde studioalbumet til den amerikanske rockegruppa Sparks, utgjeve 11. november 1974.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[3]
Christgau's Record GuideC–[2]
Classic Rock8/10 stars[6]
Tom HullA–[7]

Utgjeving endre

Albumet følgde eit halvt år etter Kimono My House og vart ein suksess i Storbritannia og USA. Det nådde niandeplassen på UK Album Chart[8][9](som var den nest høgaste plasseringa deira i Storbritannia i nesten 43 år før Hippopotamus i 2017)[9] og 63. plassen på Billboard 200 (som er den høgaste plasseringa deira i det landet).[10]

Singlane «Never Turn Your Back on Mother Earth» og «Something for the Girl with Everything» var ikkje like suksessrike som dei frå Kimono My House, men begge nådde topp 20 i Storbritannia, på høvesvis 13. og 17. plass.[8] I Frankrike vart «At Home, at Work, at Play» gjeven ut i lag med «Propaganda» som kom ut på singel i staden for «Something for the Girl with Everything». I USA vart «Achoo» gjeven ut som den einaste singelen på albumet.

Mottaking endre

I ei melding for Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) skreiv Robert Christgau: «Fans av desse sjølvlaga toskane omtaler dei absolutt ikkje som pop fordi dei kjem på AM-radio - for ein gongs skuld gjer programmerarane jobben sin. Så er det fordi dei syng i eit høgt register? Eller fordi ein god rytme gjer dei endå meir ukomfortable enn andre reiskap for eit godt levd liv?; 'Vend aldri ryggen til moder jord,' syng eller brummar dei i ein stil unaturleg nok til å avslutta det noverande kjærleiksforholdet ditt eller drepa kaktusane dine, og eg må trass alt vera ein naturleg mann, for eg kan ikkje tola motsetninga.»[2]

Dave Connolly frå AllMusic rørte kritikken: «Den veldige utstrøyminga av ord og idear, understreka av gitarar og klaverinstrument med ofte skiftande rytmar, anten fråstøyter eller tiltrekker lyttarar.» Likevel meinte han «nærsynte» amerikanske lyttarar var meir kritiske til «kryssinga på albumet mellom 10cc og powerpop på slutten av 70-talet», og konkluderte med at «Propaganda er framleis ein dei beste prestasjonane til Sparks, full av ein sløyfa sjarm som held fram å fengsla dei opensinna engelske lyttarane».[3]

Nyutgjevingar endre

Propaganda vart gjeve ut på nytt og ommastra av Island i 1994 og 2006. Den første utgåva på Island Masters la til b-sidene «Alabamy Right» og «Marry Me». '21st Century Edition' inkluderte òg eit intervju frå Saturday Scene spelt inn i november 1974.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Ron Mael, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Propaganda» 0:23
2.«At Home, at Work, at Play» 3:06
3.«Reinforcements»Ron and Russell Mael3:55
4.«B.C.» 2:13
5.«Thanks But No Thanks»Ron and Russell Mael4:14
6.«Don't Leave Me Alone with Her» 3:02
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Never Turn Your Back on Mother Earth» 2:28
8.«Something for the Girl with Everything» 2:17
9.«Achoo» 3:34
10.«Who Don't Like Kids» 3:37
11.«Bon Voyage»Ron and Russell Mael4:52
Bonusspor på Island Masters (1994)
Nr.TittelLengd
12.«Alabamy Right»2:11
13.«Marry Me»2:54
Bonusspor på 21st Century Edition (2006)
Nr.TittelLengd
12.«Alabamy Right»2:11
13.«Marry Me»2:54
14.«Interview - Saturday Scene 8/11/74»7:16

Salslister endre

Liste (1974/75) Plassering
Australia (Kent Music Report)[11] 75
Canada 81
Storbritannia (Official Charts Company) 9
USA (Billboard 200) [10] 63

Medverkande endre

Sparks endre

Teknisk endre

  • Produsert av Muff Winwood
  • Lydteknikarar - Richard Digby-Smith, Robin Black og Bill Price
  • Miksing - Bill Price
  • Konsept og fotografi - Monty Coles

Kjelder endre

  1. «The Quietus - Reviews - Sparks». The Quietus. Henta 21. april 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 21. april 2022 – via robertchristgau.com. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Propaganda av SparksAllmusic. Henta 14. desember 2014.
  4. «45cat - Sparks - Propaganda, At Home At Work At Play / Marry Me - Island - France - 6138 061». 45cat. Henta 22. april 2022. 
  5. «45cat - Sparks - Achoo / Something For The Girl With Everything - Island - USA - IS 023». 45cat. Henta 22. april 2022. 
  6. Makowski, Peter (December 2006). «Still able to start a fire: Sparks Reissues». Classic Rock. s. 101. 
  7. Hull, Tom (April 1975). «The Rekord Report: Third Card». Overdose. Henta 26. juni 2020 – via tomhull.com. 
  8. 8,0 8,1 «The Official Charts Company - Sparks». Official Charts Company. Henta 21. april 2022. 
  9. 9,0 9,1 «SPARKS - full Official Chart History - Official Charts Company». www.officialcharts.com. Henta 21. april 2022. 
  10. 10,0 10,1 «Sparks in Billboard 200». billboard.com. Henta 203.1 april 2022. 
  11. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 286. ISBN 0-646-11917-6. 

Bakgrunnsstoff endre