Indiscreet av Sparks

Indiscreet
Studioalbum av Sparks
Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1975
Innspelt 1975
Sjanger
Lengd 41:32
Selskap Island
Produsent Tony Visconti
Sparks-kronologi 
Propaganda
(1974)
Indiscreet Big Beat
(1976)


Singlar frå Indiscreet
  1. «Get In The Swing» med «Profile»
    Utgjeve: Juli 1975
  2. «Looks, Looks, Looks» med «Pineapple»
    Utgjeve: September 1975

Indiscreet er det femte studioalbumet til Sparks. Det kom ut i 1975 og vart sidan gjeve ut på ny med tre bonusspor. Albumet skilde seg frå glamrockstilen på Kimono My House og Propaganda, og la større vekt på teatralske element med meir bruk av orkesterarrangement og element frå andre stilartar enn rock, som jazz, storband, swing, vaudeville og klassisk musikk. Albumet var produsert av Tony Visconti, som òg produserte fleire spor for gruppa i 1997 for albumet Plagiarism. Songen «How Are You Getting Home?» vart nytta i Leos Carax-filmen Holy Motors.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[4]
Classic Rock8/10 stars[5]

Utgjeving endre

Indiscreet kom ut i oktober 1975 nesten eitt år etter det førre Sparks-albumet, og var det tredje og siste albumet dei spelte inn med den britiske besetninga si. Det var ikkje like populært som Kimono My House eller Propaganda. Det nådde 18. plassen på UK Album Chart[6] og 169. plassen i USA.[7] Dei neste to albuma deira gjorde det dårlegare i Europa og USA. Dei fekk ikkje større merksemd før i 1979 og No. 1 In Heaven.

«Get In The Swing» og «Looks, Looks, Looks» vart gjevne ut som singlar. Som albumet gjorde dei det berre modrat på singellistene og nådde høvesvis 27. og 26. plassen i Storbritannia,[6] som førte til at Mael-brørne løyste opp den britisk-baserte versjonen av Sparks og vende heim att til Amerika.[8][9]

Nyutgjeving endre

Indiscreet vart gjeve ut på ny og ommastra av Island i 1994 og 2006. Den første utgåva på Island Masters kom med B-sida «Profile» og «I Wanna Hold Your Hand», ein coverversjon av Beatles som kom ut på singel, og B-sida «England». '21st Century Edition' hadde ikkje med «I Wanna Hold Your Hand» eller «England». I staden kom det med den sjeldne «The Wedding of Jacqueline Kennedy to Russell Mael» og eit konsertopptak av «Looks, Looks, Looks».

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Ron Mael, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Hospitality On Parade»4:00
2.«Happy Hunting Ground»3:44
3.«Without Using Hands»3:20
4.«Get in the Swing»4:08
5.«Under the Table With Her»2:20
6.«How Are You Getting Home?»2:57
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Pineapple»Russell Mael2:45
8.«Tits» 4:57
9.«It Ain't 1918» 2:08
10.«The Lady is Lingering» 3:40
11.«In the Future» 2:12
12.«Looks, Looks, Looks» 2:35
13.«Miss the Start, Miss the End» 2:46
Bonusspor på Island Masters-utgåva (1994)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
14.«Profile» 3:30
15.«I Wanna Hold Your Hand»John Lennon, Paul McCartney2:54
16.«England» 3:16
Bonusspor på 21st Century Edition-utgåva (2006)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
14.«Profile» 3:30
15.«The Wedding of Jacqueline Kennedy to Russell Mael»Russell Mael1:36
16.«Looks, Looks, Looks» (konsertopptak frå Fairfield Halls, 09/11/75) 4:02

Medverkande endre

Sparks

med:

  • Mike Piggott – fele på «It Ain't 1918»
  • Tony Visconti – orkesterarrangement

Kjelder endre