Pukekohe er ein liten, men veksande landleg by i Franklin DistrictNordøyaNew Zealand. Han ligg heilt sør i regionen Auckland, omkring 50 km sør for Auckland City, mellom den sørlege stranda til Manukau Harbour og munningen til Waikato-elva. Åsane kring Pukekohe og dei nærliggjande Bombay Hills dannar den naturlege sørgrensa til Aucklandregionen.

Pukekohe
by
Pukekohe Park Raceway
Land  New Zealand
Areal 32,06 km²
Folketal 24 300 (30. juni 2018)[1]
Kart
Pukekohe
37°12′11″S 174°54′14″E / 37.203°S 174.904°E / -37.203; 174.904
Wikimedia Commons: Pukekohe

Maoriordet puke-kohe tyder 'åsen med kohekohe'. Kokekohe (Dysoxylum spectabile) er eit innfødd mahogniaktig tre.

Under Newzealandkrigane vart det utkjempa eit slag i Pukekohe, seinare kjent som Forsvaret av Pukekohe East i 1863.

Byen endre

Pukekohe er administrasjonssenteret i Franklindistriktet. Ved folketeljinga i 2001 var innbyggjartalet 18 825, storparten av europeisk avstamming, men med betydelege innslag av innfødde maoriar og etniske indiske og austasiatiske grupperingar. Byen er venta å få ein jamn vokster i dei komande tiåra, ettersom han ligg i utkanten av den stadig veksande Aucklandregionen.

Den grøderike vulkanske jorda og det varme, fuktige klimaet har ført til framifrå tilhøve for grønsak- og mjølkeproduksjon.

Pukekohe har ein vidaregåande skule, eit rugbystadion, ein veddeløpsbane og motorsportbanen Pukekohe Park Raceway.

Transport endre

Pukekohe ligg ved jarnvegslinja North Island Main Trunk Railway, og er den sørlegaste stasjonen på forstadsbanenettet til Auckland.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

37°12′S 174°54′E / 37.200°S 174.900°E / -37.200; 174.900