Qigong eller qi gong (tradisjonell kinesisk 氣功; forenkla kinesisk 气功; pinyin qìgōng) er puste- og rørsleteknikkar som vart utvikla i Kina for fleire tusen år sidan. Qi er det kinesiske ordet for livskraft eller livsenergi. Gong kan omsetjast med å praktisere eller arbeide med. Metoden består av mental konsentrasjon, enkle rørsler og anding for å dyrka, balansera[1] og betra sirkulasjonen av denne energien i kroppen.[2]

Meister Lam i ein qigong-positur frå zhan zhuang ('ståande påle').

Qigong vart utvikla i Kina som ein av fem hovudmetodar innan tradisjonell kinesisk medisin som har som føremål å førebyggja og behandla sjukdomar.[3] Kinesisk filosofisk og åndeleg tradisjon og kampkunst har også bidratt til utviklinga av qigong.[2] Qigong-teknikkane omfattar meditasjon, avslapping, pusteøvingar og kampkunstelement som skal styrka qi og distribuera det til alle delane av kroppen.[4] Teknikkane skal gjere kroppen betre i stand til å lækje seg sjølv. Energibanane i kroppen skal verte stimulerte slik at qi kan strøyme fritt. Dette skal gje indre balanse og avspenning i kroppen og i sinnet, og påverke indre organ og livsprosessar på ein positiv måte. Saman med den nærskylde forma taijiquan er qigong utbreidd i Kina og resten av verda som ein trenings- og helseteknikk.

Nemninga «qigong» som ho er brukt i dag vart framheva på 1940- og 1950-talet for å visa til ei vid rekkje kinesiske sjølvutviklingsteknikkar, og for å vektlegga helsetilknytingar og ta bort vekt frå åndelege tilknytingar, mystisisme og opphøgde tradisjonsliner.[5][6][7]

Historie endre

 
Silkemåleri som viser dei fysiske øvingane i qigong taichi; frå grav nummer 3 ved funnstaden Mawangdui som stammar frå Han-dynastiet på 100-talet f.Kr.
 
Øving for å Qigong-illustrasjon frå 1513 (Ming-dynastiet). Ei av 49 øvingar. Denne skal opna blokkert qi-kanalar i kroppen. Ein løfter handa på sida som skal opnast og fokuserer på denne sida.

Tidlege former for qigong finst omtalt i minst 2300 år gamle klassiske kinesiske tekstar som inneheld treningsråd innan emnet. Qigong vart då kalla neigong eller daoyin.[8] Det finst også ei rekkje taoistiske tekstar som har referansar til qigong både frå 300- og 500-talet f. Kr.[9][10] Historisk vart qigong formidla innan familien eller frå lærar til elev, og vart i stor grad halden hemmeleg. Etter opprettinga av Folkrepublikken Kina i 1949 vart treningsforma akseptert av kinesiske leiarar. Termen qigong vart spreidd og dei tradisjonelle øvingane vart systematiserte og lært ut til breiare grupper av folket med føremålet å styrka folkehelsa. I dag finst det qigongavdelingar på fleire kinesiske sjukehus.[2]

Gjennom historia har ei rekkje ulike former av qigong utvikla seg i ulike delar av det kinesiske samfunnet.[11] I tradisjonell kinesisk medisin har det brukt for å lækja og førebyggja dårleg helse;[12] innan konfutsianisme for å styrka langt liv og forbetra moralsk karakter;[1] innan taoisme og buddhisme som del av meditasjonspraksis;[13] og innan kinesisk kampkunst for å styrka kampevner.[6][14] Moderne qigong blandar gjerne fleire ulike tradisjonar, særleg den taoistiske meditative praksisen kalla «indre alkymi» (neidan 內丹術), eldgamle meditative praksisar med å «sirkulera qi» (xing qi 行氣) og «ståande meditasjon» (zhan zhuang 站桩) og den sakte gymnastiske pusteøvinga av å «leia og trekka» (dao yin 導引). Tradisjonelt vart qigong lært frå ein meister til elevar gjennom trening og munnleg overlevering, med hovudvekt på meditativ praksis blant lærde og gymnastisk eller dynamisk praksis blant arbeidarar.[15]

Frå slutten av 1940-talet og inn på 1950-talet prøvde styresmaktene i kommunistiske Kina å samla ulike former for qigong i eit felles system, med føremål om å danna eit vitskapleg grunnlag for utøving av qigong. I 1949 innførte Liu Guizhen namnet «qigong» for systemet han og kollegaene hans hadde utvikla basert på dao yin og andre filosofiske tradisjonar.[16] Dette forsøket er rekna av nokre sinologar som byrjinga på den moderne tolkinga av qigong.[17][18][19] Under Det store spranget (1958–1963) og Kulturrevolusjonen (1966–1976) var qigong, i lag med annan tradisjonell kinesisk medisin, strengt kontrollert med avgrensa tilgang for allmugen, men vart framheva i statlege rehabiliteringssenter og spreidde seg til universitet og sjukehus. Etter Kulturrevolusjonen var qigong og taiji populære som dagleg morgongymnastikk utført i store grupper i heile Kina.

Populariteten til qigong voks under styret til Deng og Jiang etter at Mao Zedong døydde i 1976 og fram til 1990-talet, med estimat på mellom 60 og 200 millionar utøvarar i Kina. I lag med populariteten og statleg oppmuntring kom kontroversar og problem: Påstandar om særskilde evner på grensa til det overnaturlege, pseudovitskaplege forklaringar for å auka truverdet,[20] ei sinnsliding kalla qigong-avvik,[19] skipinga av kultar og overdrivne påstandar av meistrar for personleg vinst.[5][21] I 1985 vart ein statleg nasjonal organisasjon for qigong-vitskap og forsking skipa for å regulera qigong-rørsler i landet.[22] I 1999 tok kinesiske styresmakter steg for å halda kontroll på offentleg utøving av qigong, etter at mange gamle åndelege, moralske og mystiske tradisjonar var blitt gjenoppliva og kunne danna trugsmål mot statleg kontroll. Qigong-klinikkar og sjukehus vart stengde, og visse grupper som Zhong Gong og Falun Gong vart forbodne.[7]:161–174[23] Sidan 1999 har qigong-forsking og utøving berre hatt offisiell støtte i ein helsekontekst. Den kinesiske helse-qigongorganisasjonen som vart skipa i 2000 regulerer strengt offentleg utøving av qigong, med avgrensing av offentlege samlingar, krav om statleg godkjend opplæring og sertifisering av lærarar. Alt anna enn statleg godkjende former er forbode.[24][25]

Gjennom kinesisk utvandring og diaspora, turisme i Kina og globalisering har qigong spreidd seg gjennom heile verda. I dag driv millionar av menneske med qigong, og trur på fordelane med utøvinga i varierande grad. Som i det historiske opphavet til praksisen er folk med interesse for qigong frå ulike bakgrunnar og driv med det av forskjellige grunnar, som fritidssyssel, trening, avslapping, helseførebygging, meditasjon, for åndelege føremål eller som del av kampkunsttrening.

Skildring endre

 
Meisteren Marco Gamuzza held ein zhan zhuang-positur på den kinesiske muren kalla hun yuan zhuang.
 
Utøving av qigong som del av Falun Gong.

Utøving endre

Qigong omfattar ei brei rekkje ulike praksisar som koordinerer kropp (調身), pust (調息) og medvit (調心) i tråd med kinesisk filosofi.[26][27] Utøving kan inkludera rørsle og stillesitjing, meditasjon, massasje, messing, lyd-meditasjon og behandling utan nærkontakt, i ei rekkje ulike positurar. Qigong vert vanlegvis delt inn i to grunnleggjande kategoriar: 1) dynamisk eller aktiv qigong (dong gong), med sakte, flytande rørsler, og 2) meditativ eller passiv qigong (jing gong), med stille posisjonar og indre rørsle av pusten.[28]:21770–21772 Frå eit terapeutisk perspektiv kan ein klassifisera qigong i to system: 1) indre qigong, som set fokus på sjølvbehandling og sjølvutvikling, og 2) ytre qigong, som omfattar behandling av ein terapeut som leier eller overfører qi.[29]:23-24

Som meditasjon i rørsle handlar utøving av qigong vanlegvis om å koordinera sakte, stiliserte rørsler, djup magepusting og roleg mentalt fokus med visualisering av at ein leier qi rundtom i kroppen. Som regel kan former av qigong karakteriserast som ei blanding av fire utøvingsmåtar: Dynamisk, statisk, meditativ og med hjelp utanfrå.

  • Dynamisk utøving
omfattar flytande rørsle, som regel nøye koreografert og koordinert med pust og medvit. Nokre døme er dei sakte, stiliserte rørslene i taijiquan, baguazhang og xing yi quan.[30] Andre døme er grasiøse rørsler som etterliknar rørslene til eit av Dei fem dyra (Wu Qin Xi qigong),[31] trane,[32] og villgås- (dayan) qigong.[33][34] Som ei form for lågintens trening er qigong sett saman av rørsler som typisk vert repeterte og kan styrka og strekka kroppen, auka rørslene til væsker (blod, leddvæske og lymfe), betra balanse og propriosepsjon (kjensla av kvar eins eigne kroppsdelar er), og utvikla medvitet av korleis kroppen rører seg gjennom rommet.[35]
  • Statisk utøving
går ut på å halda stillingar i lengre periodar.[36] I nokre tilfelle liknar dette på utøving av yoga og framhaldet av denne praksisen i buddhistisk tradisjon.[37] Yiquan, ei kinesisk kampkunstform avleidd frå xingyiquan, legg vekt på trening med statiske stillingar.[38] I eit anna døme byggjer den lækjande forma 'Åtte brokadestykke' (Baduanjin qigong) på ein serie statiske stillingar.[39]
  • Meditativ utøving
nyttar medviten pusting, visualisering, mantra, messing, lyd og fokus på filosofiske idear som qi-sirkulasjon, estetikk eller moralske verdiar.[40] I tradisjonell kinesisk medisin og taoistisk utøving er fokuset for meditasjon ofte lagt på å utvikla qi i energisenter, dantian, og å balansera straumen av qi i meridianane og andre kanalar. I ulike buddhistiske tradisjonar er målet å stilla medvitet, anten gjennom ytre fokus, til dømes på ein stad, eller gjennom indre fokus på anding, eit mantra, eit koan, tomheit eller ideen om det evige. I den konfutsianske lærde tradisjonen legg meditasjon vekt på menneskelegheit og dygd med sjølv-opplysing som mål.[11]
  • Utøving med ytre hjelp
Mange qigong-system omfattar også bruk av ytre hjelpemiddel som å ta til seg urter, massasje, fysiske behandlingar eller samhandling med andre levande vesen.[13] Spesielle typar mat og drikke vert brukte i nokre medisinske og taoistiske former, medan massasje og kroppsbehandling nokre gongar vert brukte i kampkunstformer. I nokre medisinske system nyttar ein qigong-meister behandling utan kontakt der han skal leia qi gjennom sin eigen kropp inn i kroppen til ein annan.[41]

Former endre

Det finst talrike former for qigong. 75 eldgamle former finst i gammal litteratur, medan 56 vanlege moderne former er blitt omtalte i eit qigong-kompendium.[42]:203–433 Lista er ikkje utfyllande.

Teknikkar endre

Anten ein ser på qigong frå eit trenings-, helse-, kampkunst- eller filosofisk perspektiv har utøvinga fleire hovudprinsipp:[1][35][43][44]

  • Medviten rørsle: nøye, flytande balansert stil
  • Rytmisk pusting: sakte, djup, koordinert med flytande rørsler
  • Medvit: roleg, fokusert meditativ tilstand
  • Visualisering: av rørsla til qi, filosofiske prinsipp, estetikk
  • Messing/lyd: bruk av lyd som fokuspunkt

Tilleggsprinsipp:

  • Mjukheit: mjukt syn, nøytralt ansiktsuttrykk
  • Solid stilling: godt fotfeste, rett rygg
  • Avslapping: avslappa musklar, lett bøygde ledd
  • Balanse og motbalanse: rørsle over tyngdepunktet

Avanserte mål:

  • Sinnsro: meir flytande, meir avslappa
  • Ro: tømd medvit, høg merksemd
  • Stille: mindre og mindre rørsler, heilt til fullstendig stille

Dei mest avanserte formene vert generelt rekna for å ha lite eller inga rørsle.

Moderne qigong endre

 
Gruppe utøver taiji i Beijing.

I dagens Kina har ein gått vekk frå å knytta qigong til tradisjonell filosofi, åndeleg utvikling og folkeminne til å vektleggja helseeffekt, tradisjonell medisinsk bruk, kampkunst og vitskapleg tilknyting i samband med utøvinga.[5][7] Qigong blir no praktisert av millionar av menneske over heile verda, hovudsakleg for helseføremål, sjølv om mange utøvarar også kan ha tradisjonelle filosofiske, medisinske eller kampkunstperspektiv, og kan sjå den lange historia til qigong som prov på verknaden.[11][43]

Moderne kinesisk medisinsk qigong endre

Qigong er vorte anerkjend som ein «standard medisinsk teknikk» i Kina sidan 1989, og kan vera del av medisinutdanninga ved større kinesiske universitet.[45]:34 Den engelske omsetjinga av den offisielle læreboka i medisin i Kina[46]:iv,385 definerer kinesisk medisinsk qigong som «the skill of body-mind exercise that integrates body, breath, and mind adjustments into one» og legg vekt på at qigong byggjer på adjustment (tiao 調, også omsett som regulation, tuning og alignment) av kropp, pust og sinn.[46]:16–18 Qigong er dermed rekna som meir enn vanleg fysisk trening, fordi det kombinerer haldning, pust og mental trening i eitt for å oppnå ein viss psykofysiologisk tilstand.[46]:15 Medan KMQ framleis byggjer på tradisjonell og klassisk teori, legg moderne utøvarar også vekt på eit sterkt vitskapleg grunnlag.[46]:81–89 Ifølgje den offisielle tekstboka for KMQ har qigong talrike fysiologiske effektar, mellom anna forbetring av respiratorisk og kardiovaskulær funksjon, og kanskje nevrofysiologisk funksjon.[46]:89–102

Tilknyting til skulemedisin endre

Særleg sidan 1990-talet har ein ofte prøvd å følgja den evidensbaserte modellen for medisin med randomiserte kliniske testar av metoden.[47][48] Sjølv om nokre kliniske testar har støtta ideen om at qigong kan vera effektivt i behandling av tilstandar diagnostiserte innan skulemedisin er kvaliteten av desse studiane for det meste låg, og sett i samanheng er resultata blanda.[49]

Bruk innan alternativ medisin endre

Qigong kan nyttast av utøvarar av alternativ eller komplementær medisin i lag med vanleg medisinsk behandling.[28]:22278–22306

Metoden kan brukast av folk i alle aldersgrupper, åleine eller i grupper, med låg risiko. Det er ei form for fysisk aktivitet som kan vera gunstig for dei fleste. Det finst også forsking som viser at det kan hjelpa mot smerte, søvnproblem og mentale lidingar som depresjon. Bortsett frå dette finst det lite prov for at qigong skal kunna førebygga eller lækja andre helseproblem.[50] [29]:26

Utøvingskontekstar endre

 
Qigong-utøving i Velo Polje i Slovenia.

Ein kan driva med qigong av mange ulike grunnar – som fritidssysel, trening og avslapping, førebyggjande medisin og sjølvlækjing, meditasjon og sjølvutvikling og i samband med kampkunsttrening. Utøvinga kan gjerast åleine eller i grupper, inne eller utandørs. Utøvarar kan vera godt trente eller ha rørslevanskar. Sidan qigong har låg intensitet og kan utførast liggjande, sitjande eller ståande kan teknikken utøvast av rørslehemma, eldre og folk som kjem seg etter skadar.[1]

Qigong er generelt rekna som trygt.[51] Ein har ikkje funne negative effektar i kliniske forsøk, så utøvinga er rekna som trygg blant ulike befolkningsgrupper. Kostnaden er liten, og kostnadseffektiviteten er høg for ei gruppe som får tilbod om å utøva qigong.[52][53][52] [54]

Kampkunst endre

Utøving av qigong er ein viktig del i både indre (neijia) og ytre stilar innan kinesisk kampkunst.[13] Qi-fokus er rekna som ei kjelde til kraft og ein grunnstein innan neijia. Taijiquan, xingyiquan og baguazhang er døme på former for kinesisk kampkunst som byggjer på qi-konseptet som grunnlag.[55] Uvanlege verk som evna til å stå imot kraftige slag ('jernskjorte', 鐵衫)[56] og evna til å slå sund harde objekt ('jernhand', 鐵掌)[57][58] vert til dømes tillagt trening i qigong.

Taijiquan og qigong endre

Taijiquan er ei utbreidd form for indre kinesisk kampkunst som byggjer på taiji-teorien. Forma er nært i slekt med qigong, og omfattar typisk meir komplekse koreograferte rørsler koordinert med pust som kan utførast sakte for helse og trening, eller raskt for sjølvforsvar. Mange lærde reknar taijiquan som ei form for qigong, spora tilbake til eit opphav på 1600-talet. I moderne utøving fokuserer qigong gjerne meir på helse og meditasjon heller enn kampkunst, og speler ei viktig rolle i trening for taijiquan, særleg i samband med å byggja styrke, utvikla pustekontroll og auka livskraft.[30][59]

Meditasjon og sjølvutvikling endre

Qigong vert praktisert i samband med meditasjon og sjølvutvikling som del av ulike filosofiske og åndelege tradisjonar. Som meditasjon er qigong eit middel for å stilna tankane og gå inn i ein medvitstilstand som gjev sinnsro, klarheit og lukkekjensle.[13] Mange utøvarar føler at qigong med sine rolege, fokuserte rørsler er meir tilgjengeleg enn sitjande meditasjon.[43]

Qigong for sjølvutvikling kan klassifiserast etter tradisjonelle kinesiske filosofiretningar: Taoistiske, buddhistiske og konfutsianske.

Qigong i Norden endre

I Danmark har ein drive med qigong sidan slutten av 1960-talet. I Noreg vart Norsk Taiji Senter, som driv med taiji og qigong, opna i 1983.[60] I Sverige vart qigong populært på 1990-talet. I Sverige finst det truleg eit tjuetals hovudmetodar i bruk, der dei mest kjende er Biyun-metoden og Zhineng qigong.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Cohen, K. S. (1999). The Way of Qigong: The Art and Science of Chinese Energy Healing. Random House of Canada. ISBN 978-0-345-42109-8. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Suzanne Schönström: "Kinesisk medicin. Traditionell läkekonst i modern tid." Natur och kultur/Fakta etc. 2004. ISBN 978-91-27-35529-3
  3. Reijo Pöyhönen: "Akupunktur. Kinesisk läkekonst Del 1. Grundläggande teorier, diagnostik och differentiering" Svenska institutet för Kinesisk Läkekonst 2012 ISBN 978-91-976746-0-7
  4. «Traditional Chinese medicine - Herbal therapy», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 21. september 2020 
  5. 5,0 5,1 5,2 Palmer, David A. (2007). Qigong fever: body, science, and utopia in China. Columbia University Press. ISBN 978-0-231-14066-9. 
  6. 6,0 6,1 YeYoung, Bing. «Origins of Qi Gong». YeYoung Culture Studies: Sacramento, CA (http://literati-tradition.com). Arkivert frå originalen 17 October 2011. Henta 14 October 2011. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Ownby, David (2008). Falun Gong and the future of China. Oxford: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-532905-6. 
  8. Maoshing Ni: Huangdi Neijing Suwen, den Gule Kejsarens Inre Klassiker, sidan 1. Shambala, 1995.
  9. Robert Henricks: Lao-Tzu Te-Tao Ching, Ballantine Books, 1990.
  10. David Hinton: Chuang Tzu, the Inner Chapters, Counterpoint, 1997.
  11. 11,0 11,1 11,2 Yang, Jwing-Ming. (1989). The root of Chinese Chi kung: the secrets of Chi kung training. Yang's Martial Arts Association. ISBN 978-0-940871-07-6. 
  12. Holland, Alex (2000). Voices of Qi: An Introductory Guide to Traditional Chinese Medicine. North Atlantic Books. ISBN 978-1-55643-326-9. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 Liang, Shou-Yu; Wu, Wen-Ching; Breiter-Wu, Denise (1997). Qigong Empowerment: A Guide to Medical, Taoist, Buddhist, and Wushu Energy Cultivation. Way of the Dragon Pub. ISBN 978-1-889659-02-2. 
  14. Yang, Jwing-Ming (1998). Qigong for health and martial arts: exercises and meditation. YMAA Publication Center. ISBN 978-1-886969-57-5. 
  15. Miura, Kunio (1989). «The Revival of Qi». I Livia Kohl. Taoist Meditation and Longevity Techniques. Center For Chinese Studies: University of Michigan, Ann Arbor. ISBN 978-0-89264-085-0. 
  16. Voigt, John (Autumn 2013). «The Man Who Invented "Qigong"» (PDF). Qi: The Journal of Traditional Eastern Health & Fitness 23 (3): 28–33. 
  17. Otehode, Utiraruto (2009). «The Creation and Reemergence of Qigong in China». I Ashiwa, Yoshiko; Wank, David L. Making religion, making the state: the politics of religion in modern China. Stanford, Calif.: Stanford University Press. s. 241–265. ISBN 978-0-8047-5842-0. 
  18. Despeux, C. (1997). «Le qigong, une expression de la modernité Chinoise». I J. Gernet; M. Kalinowski. En suivant la Voie Royale: Mélanges en homage à Léon Vandermeersch. École Française d'Extrême-Orient. s. 267–281. 
  19. 19,0 19,1 Chen, Nancy N. (2003). Breathing Spaces: Qigong, Psychiatry, and Healing in China. Columbia University Press. ISBN 978-0-231-12804-9. 
  20. Lin, Zixin (2000). Qigong: Chinese medicine or pseudoscience. Amherst, NY: Prometheus Books. ISBN 978-1-57392-232-6. 
  21. Wanjek, Christopher (2003). Bad medicine: misconceptions and misuses revealed, from distance healing to vitamin O. John Wiley and Sons. s. 182–187. ISBN 978-0-471-43499-3. 
  22. Palmer, David A. (2007). Qigong fever: body, science, and utopia in China. Columbia University Press. s. 59. ISBN 978-0-231-14066-9. 
  23. Penny, Benjamin (1993). «Qigong, Daoism and Science: some contexts for the qigong boom». I Lee, M.; Syrokomla-Stefanowska, A.D. Modernisation of the Chinese Past. Sydney: Wild Peony. s. 166–179. ISBN 978-0-86758-658-9. 
  24. Karchmer, Eric (2002). «Magic, Science and Qigong in Contemporary China». I Blum, Susan Debra; Jensen, Lionel M. China off center: mapping the margins of the middle kingdom. University of Hawaii Press. s. 311–22. ISBN 978-0-8248-2577-5. 
  25. Scheid, Volker (2002). Chinese medicine in contemporary China: plurality and synthesis. Durham, NC: Duke University Press. ISBN 978-0-8223-2872-8. 
  26. Yang, Bai Long 杨柏龙 (2006). 气功标准教程 [A Standard Guide on Qigong]. Beijing Sport University Press 北京体育大学出版社. ISBN 9787811005400. 
  27. Lam Kam-Chuen, Master; Lam, Kam Chuen (1991). The way of energy: mastering the Chinese art of internal strength with chi kung exercise. New York: Simon Schuster. ISBN 978-0-671-73645-3. 
  28. 28,0 28,1 Micozzi, Marc S. (2010). Fundamentals of Complementary and Alternative Medicine. Elsevier Health Sciences, Kindle Edition. 
  29. 29,0 29,1 Mattias Johansson (2009). Qigong: Acute affective responses (PDF). Örebro University. 
  30. 30,0 30,1 Yang, Jwing-Ming (1998). The Essence of Taiji Qigong, Second Edition : The Internal Foundation of Taijiquan (Martial Arts-Qigong). YMAA Publication Center. ISBN 978-1-886969-63-6. 
  31. Fick, Franklin (2005). Five Animal Frolics Qi Gong: Crane and Bear Exercises. Lulu.com. ISBN 978-1-4116-2776-5. 
  32. Clark, Angus (2003). Secrets of Qigong (Secrets of). Evergreen. ISBN 978-3-8228-0967-9. 
  33. Zhang, Hong-Chao (2000). Wild Goose Qigong: Natural Movement for Healthy Living. YMAA Publication Center. ISBN 978-1-886969-78-0. 
  34. Connor, Danny; Tse, Michael (1992). Qigong: Chinese movement meditation for health. York Beach, Me.: S. Weiser. ISBN 978-0-87728-758-2. 
  35. 35,0 35,1 Frantzis, Bruce Kumar (2008). The Chi Revolution: Harnessing the Healing Power of Your Life Force. Blue Snake Books. ISBN 978-1-58394-193-5. 
  36. Diepersloot, Jan (2000). The Tao of Yiquan: The Method of Awareness in the Martial Arts. Center For Healing & The Arts. ISBN 978-0-9649976-1-5. 
  37. Dumoulin, Heinrich; Heisig, James W.; McRae, John M.; Knitter, Paul F. (2005). Zen Buddhism: a history. Bloomington, Ind.: World Wisdom. ISBN 978-0-941532-89-1. 
  38. Dong, Paul; Raffill, Thomas (10. desember 2005). Empty Force: The Power of Chi for Self-Defense and Energy Healing. Blue Snake Books/Frog, Ltd. ISBN 978-1-58394-134-8. 
  39. Yang, Jwing-Ming; Jwing-Ming, Yang (1997). Eight Simple Qigong Exercises for Health: The Eight Pieces of Brocade. YMAA Publication Center. ISBN 978-1-886969-52-0. 
  40. Lu, Kuan Yü (1969). The secrets of Chinese meditation: self-cultivation by mind control as taught in the Ch'an, Mahāyāna and Taoist schools in China. S. Weiser. 
  41. Xu, Xiangcai (2000). Qigong for Treating Common Ailments. YMAA Publication Center. ISBN 978-1-886969-70-4. 
  42. Ma Ji Ren 馬濟人 (1992). 實用中醫氣功學 [Practical Qigong for Traditional Chinese Medicine]. Shanghai Scientific and Technical Publishers 上海科学枝术出版社. s. 466. ISBN 978-7532327201. 
  43. 43,0 43,1 43,2 Garripoli, Garri (1999). Qigong: Essence of the Healing Dance. HCI. ISBN 978-1-55874-674-9. 
  44. Patterson, Jeff (12. mars 2014). «Use of Sound in Qigong». portlandtaichiacademy.com. Portland Tai Chi Academy. Henta 12 March 2014. 
  45. Douglas Wengell; Nathen Gabriel (2008). Educational Opportunities in Integrative Medicine. The Hunter Press. s. 34. ISBN 978-0-9776552-4-3. 
  46. 46,0 46,1 46,2 46,3 46,4 Liu, Tian Jun; Qiang, Xiao Mei, red. (2013). Chinese Medical Qigong, Third Edition. Singing Dragon. ISBN 978-1848190962. 
  47. Sackett DL, Rosenberg WM, Gray JA, Haynes RB, Richardson WS (Januar 1996). «Evidence based medicine: what it is and what it isn't». BMJ 312 (7023): 71–2. PMC 2349778. PMID 8555924. doi:10.1136/bmj.312.7023.71. 
  48. Lee MS, Oh B, Ernst E (2011). «Qigong for healthcare: an overview of systematic reviews». JRSM Short Rep 2 (2): 1–5. PMC 3046559. PMID 21369525. doi:10.1258/shorts.2010.010091. 
  49. «Tai chi og qigong», NAFKAM (på norsk bokmål), henta 21. september 2020 
  50. «Tai Chi and Qi Gong for Health and Well-Being». National Center for Complementary and Alternative Medicine. 6. januar 2012. Henta 5 March 2014. 
  51. 52,0 52,1 «Tai chi and qi gong: In depth». National Center for Complementary and Integrative Health, US National Institutes of Health. oktober 2016. Henta 13. juli 2019. 
  52. Jahnke, R.; Larkey, L.; Rogers, C.; Etnier, J; Lin, F. (2010). «A comprehensive review of health benefits of qigong and tai chi». American Journal of Health Promotion 24 (6): e1–e25. PMC 3085832. PMID 20594090. doi:10.4278/ajhp.081013-LIT-248. 
  53. «Web MD: Are tai chi and qi gong safe?». Henta 14. mars 2014. 
  54. Li, Lu; Yun, Zhang (2006). The Combat Techniques of Tai Ji, Xing Yi, and Ba Gua : Principles and Practices of Internal Martial Arts. Frog, Ltd./Blue Snake Books. ISBN 978-1-58394-145-4. 
  55. Chia, Mantak (2006). Iron Shirt Chi Kung. Destiny Books. ISBN 978-1-59477-104-0. 
  56. Lee, Ying-Arng. (1973). Iron Palm in 100 days. Wehman Bros. Inc. 
  57. Chao, H.C. (1981). Complete iron palm training for self defense. Unitrade Company. 
  58. YeYoung, Bing. «Introduction to Taichi and Qigong». YeYoung Culture Studies: Sacramento, CA. Arkivert frå originalen 1. februar 2014. Henta 25. april 2014. 
  59. «Om oss», www.taiji.no (på norsk bokmål), henta 21. september 2020