Råsen

innsjø i Nord-Odal kommune

Råsan er eit vatn som ligg i Nord-Odal kommune i Innlandet og høyrer til Glommavassdraget.

Råsan
innsjø
Råsan
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Nord-Odal
Høgd over havet 137 moh.
Areal 2,46 km²
Kystlengd1 10,08 km
Koordinatar 60°24′23″N 11°30′28″E / 60.40639°N 11.50778°E / 60.40639; 11.50778
Kart
Råsen
60°24′23″N 11°30′28″E / 60.406388888889°N 11.507777777778°E / 60.406388888889; 11.507777777778
Wikimedia Commons: Råsen
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Jakt og fiske endre

Her er gode høve for å fange stor gjedde. Andre fiskeslag er åbor, brasme, lake, laue, mort, ørekyte og aure. I tillegg er det kreps i Råsan.

Beverjakt og andejakt er populert på Råsan.

Badeplassar og båtliv endre

Råsan har fleire badeplassar rundt sjøen, den mest kjende og brukte er Smestadlandet, som ligg heilt inntil Rv181. Smestadlandet er veldig langgrunt og barnevenleg.

Det finst lite fritidsbåtar på Råsan, men ein del har mindre joller for jakt og fiske.

Kjelder endre