Ragnhild Valle Dahl

Ragnhild Valle Dahl (fødd 2. januar 1998 i Molde) er ein norsk handballspelar frå Elnesvågen, som sidan 2019 spelar for Vipers Kristiansand i Eliteserien i handball for kvinner. Med dette laget vann ho EHF-meisterligaen 2021 og 2022. Dahl deltok i tre landskampar hausten 2022, utan å kome på skåringslista.

Ragnhild Valle Dahl
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. januar 1998 (26 år)
Molde kommune
Idrett handball

Karriere endre

Dahl spelte på Elnesvågen og Omegn Idrettslag sitt lag fram til november 2015. Ho melde då overgang til Molde Håndballklubb fekk omgåande sin eliteseriedebut.[1] Dahl vart toppskårar i Eliteserien 2018/19 med 148 mål og vart kåra til ligaens beste venstreback.[2]

Dahl skreiv kontrakt med Vipers Kristiansand framfor 2019/20-sesongen.[3] I alle sine tre fyrste sesongar vart ho seriemeister, så vel som cupmeister med Vipers. Både våren 2021 og våren 2022 deltok ho i lagets sigerrike finalar i EHF-meisterligaen.

Dahl deltok i oktober-november 2022 i tre av Noregs landskampar. Ho fekk plass i troppa til Handball-EM 2022, men spelte berre ein EM-kamp.

Merittar endre

Kjelder endre

  1. «– Jeg ønsker å bidra med god fysikk og et godt skudd» (på norsk). Mal:Hk. 11. februar 2019. Henta 4. november 2019. 
  2. «Årets spillere kåret» (på norsk). Norges Håndballforbund. Henta 14. juni 2019. 
  3. «Vipers henter eliteseriens toppscorer» (på norsk). Nettavisen. Henta 4. april 2019.