Renate Stecher, til 1970 Renate Meißner, (fødd 15. mai 1950) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Süptitz i Sachsen som tevla for Aust-Tyskland. Ho vann tre olympiske gullmedaljar og like mange EM-gull i sprintøvingane i tida 1969-76.

Renate Stecher

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 15. mai 1950 (73 år)
Dreiheide
Yrke sprintar
Språk tysk
Høgd 170 centimeter
Renate Stecher på Commons

Aktiv endre

Meißner deltok i friidretts-EM 1969, der ho tok sølv på 200 meter og gull på 4x100 m stafett. I den neste europameisterskapen i 1971 i Helsingfors vann ho både 100 og 200 meter, og fekk i tillegg sølv på den korte stafetten. Under sommar-OL 1972 i München kopierte Stecher prestasjonane på 100 m og 200 m frå Helsingfors, 100 meter vann ho på verdsrekordtida 11,07. Året etter sette Stecher verdsrekorder i begge sprintøvingane, og vart den fyrste kvinnelege sprintaren som sprang 100 meter på under 11 sekundar med 10,9, manuell tid, i Ostrava.

Under europameisterskapen 1974 i Roma måtte Stecher på begge enkeltdistansane 100 m og 200 m nøye seg med sølvmedaljar, begge gongane slått av Irena Szewińska frå Polen. På 4x100 m stafett sprang ho andreetappen for Aust-Tyskland, som sette verdsrekord med 42,51 sekundar.

Stecherdeltok i tre sprintøvingar under dei olympiske leikane i Montreal i 1976. Atter tok ho tre medaljar; gull på 4x100 m stafett, sølv på 100 meter bakom vesttyske Annegret Richter, og bronse på 200 meter.

Kjelder endre