Richard Harvey (fødd 25. september 1953) er ein britisk musikar og låtskrivar. Han var opphavleg medlem av progrockgruppa Gryphon, men er i dag best kjend for filmmusikken sin. Han er òg kjend for gitarkonserten Concerto Antico, som han komponerte for gitaristen John Williams og London Symphony Orchestra.

Richard Harvey

Richard Harvey attends the premiere of King Naresuan.
Fødd25. september 1953 (70 år)
FødestadLondon
OpphavStorbritannia
Aktiv1970-åra til i dag
InstrumentForskjellige
Tilknytte artistarGryphon
Verka somMulti-instrumentalist og låtskrivar

Biografi endre

Richard Harvey var i tidleg alder musikalsk dyktig, og byrja å spele fløyte då han var fire år gammal. Då han gjekk ut frå Royal College of Music i London i 1972, spelte han blokkfløyte, krumhorn, og andre instrument frå mellomalderen og renessansen, i tillegg til mandolin og forskjellige klaverinstrument. Dette gjorde han til kandidat som musikar i London Philharmonic Orchestra. I staden valde han å arbeide med Musica Reservata, eit ensemble som spesialiserte seg på å spele tidlegmusikk med autentiske instrument. Slik kom han i kontakt med Brian Gulland, og i lag danna dei etter kvart Gryphon, eit uvanleg band som starta som ein folkekvartett som spelte periodeinstrument og som raskt utvikla seg til eit progressivt rockeband med seks bandmedlemmar.

Gryphon varte til slutten av 1970-åra, då musikken deira hadde blitt meir mainstream. Frå slutten av 1970-åra byrja Harvey å lage musikk for fjernsyn og film, og skreiv for så varierte produksjonar som The Martian Chronicles (1980), Defense of the Realm (1985), og Half Moon Street (1986). Han spelte òg på album som Lionheart av Kate Bush, Gordon Giltrap sitt Fear of the Dark, Gerry Rafferty sitt Night Owl, og forskjellige symfoniske rockeplater.

Karriere høgdepunkt endre

Kjelder endre

  1. «BAFTA Awards 1992». IMDb.com. Henta 25. juli 2014. 

Bakgrunnsstoff endre