Romania i Eurovision Song Contest

Romania debuterte i Eurovision Song Contest i 1994 og har delteke 22 gongar. Romania har aldri vunne Eurovision Song Contest, men har to tredjeplassar som beste plassering. Den dårlegaste plasseringa til Romania kom i 1998, då Romania kom på 22.-plass. Etter innføringa av semifinalar i Eurovision Song Contest i 2004, kvalifiserte Romania seg til finalen på alle forsøk, inntil 2018, då landet vart slått ut i semifinalen for fyrste gong.[1]

Romania

Offisielt Romania

TVR
Uttakingar
Nasjonalt 21
Internt 1
Deltaking
Debutår 1994
Deltakingar 22
Beste resultat
Semifinalen 1 (2005)
Finalen 3 (2005 og 2010)
Verste resultat
Semifinalen 15 (2023)
Finalen 22 (1998)
Poeng
Semifinalane 1 583
Finalane 1 535
Totalt 3 118

Historikk endre

Det er den rumenske kringkastaren Televiziunea Română (TVR) som sender Eurovision Song Contest i Romania, og som vel det rumenske bidraget til tevlinga. Romania debuterte i 1994, men melde seg òg på tevlinga i 1993 saman med seks andre land frå den tidlegare austblokka. For å halde talet på deltakande land nede, kravde Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) at dei sju nye landa måtte gjennom ei eiga førehandskvalifisering, kalla Kvalifikacija za Millstreet (Kvalifisering til Millstreet). Dei tre beste landa i kvalifiseringa ville få ein plass i Eurovision Song Contest. Romania stilte med songen «Nu pleca», framført av Dida Drăgan, men kom på sisteplass i kvalifiseringa og var dimed ikkje kvalifisert til finalen i 1993.[2]

Debuten endre

I 1994 fekk Romania endeleg ta del i Eurovision Song Contest saman med ei rekkje nye deltakarland som Estland, Russland og Slovakia. I debuten hamna Romania på 21.-plass av 25 land, og den låge plasseringa gjorde at landet måtte stå over tevlinga året etter. Heller ikkje i 1996 kvalifiserte Romania seg, og var heller ikkje kvalifisert til finalen i 1997 på grunn av låg gjennomsnittpoengsum i perioden 1993–1996.[3][4] Fram til 2002 måtte Romania stå over annakvart år på grunn av svake plasseringar i tevlinga.[1]

I 2002 snudde resultata, og Romania fekk si beste plassering til då med ein niandeplass. Ein tiandeplass følgde året etter, og dimed var Romania direktekvalifisert til finalen i 2004. Etter å ha blitt nummer 18 i 2004, måtte Romania gjennom semifinalen i Kiev året etter. Der vann Romania semifinalen og kom på tredjeplass i finalen - den beste plasseringa til Romania i Eurovision Song Contest til nå. Ein fjerdeplass følgde i 2006, etterfølgd av tre svake plasseringar. I Bærum i 2010 tangerte Romania rekorden sin, då Paula Seling og Ovi kom på tredjeplass med «Playing With Fire».

Diskvalifikasjonen endre

I åra 2010–2015 hamna Romania midt på resultatlista, før landet vart diskvalifisert. Bakgrunnen for diskvalifiseringa var at kringkastaren TVR fleire gongar ikkje hadde tilbakebetalt gjeld til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Som straff vedtok EBU å diskvalifisere Romania – berre 17 dagar før tevlinga.[5] Hausten same år vart EBU og TVR einige om ei nedbetalingsordning, og Romania fekk komme tilbake til Eurovision Song Contest i 2017.[6]

Etter sjuandeplassen i 2017 – den beste plasseringa til Romania på sju år – rauk Romania ut av semifinalen i 2018. Dette var fyrste gongen at Romania ikkje nådde finalen, etter at ordninga med semifinalar vart innført i 2004.

Språk endre

Fram til opphevinga av språkregelen i 1999 song representantar for Romania på rumensk. Etter 2000 har Romania stort sett sunge på engelsk, men ein song òg delvis på rumensk i 2008 og 2015. Bidraga frå Romania har òg vore delvis på italiensk i 2006 og 2009, og bidraget i 2007 vart blant anna sunge på russisk, spansk og fransk.

Bidraga endre

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
  1993 Dida Drăgan «Nu pleca» Rumensk Ikkje kvalifisert 38 7
  1994 Dan Bittmann «Dincolo de nori» Rumensk 14 21
  1996 Monica Anghel og Sincron «Rugă pentru pacea lumii» Rumensk Ikkje kvalifisert 11 29
  1997 Deltok ikkje
  1998 Mălina Olinescu «Eu cred» Rumensk 6 22
  1999 Deltok ikkje
  2000 Taxi «The Moon» Engelsk 25 17
  2001 Deltok ikkje
  2002 Monica Anghel og Marcel Pavel «Tell Me Why» Engelsk 71 9
  2003 Nicola «Don't Break My Heart» Engelsk 73 10
  2004 Sanda «I Admit» Engelsk 18 18 Direktekvalifisert
  2005 Luminiţa Anghel og Sistem «Let Me Try» Engelsk 158 3 235 1
  2006 Mihai Trăistariu «Tornerò» Engelsk og italiensk 172 4 Direktekvalifisert
  2007 Todomondo «Liubi, Liubi, I Love You» Engelsk, italiensk, spansk,
russisk, fransk og rumensk
84 13
  2008 Nico og Vlad «Pe-o margine de lume» Rumensk og italiensk 45 20 94 07
  2009 Elena «The Balkan Girls» Engelsk 40 19 67 9
  2010 Paula Seling og Ovi «Playing With Fire» Engelsk 162 3 104 4
  2011 Hotel FM «Change» Engelsk 77 17 111 4
  2012 Mandinga «Zaleilah» Spansk og engelsk 71 12 120 3
  2013 Cezar «It's My Life» Engelsk 65 13 83 5
  2014 Paula Seling og Ovi «Miracle» Engelsk 72 12 125 2
  2015 Voltaj «De la capăt (All Over Again)» Rumensk og engelsk 35 15 89 5
  2016 Ovidiu Anton «Moment of Silence» Engelsk Diskvalifisert
  2017 Ilinca med Alex Florea «Yodel It!» Engelsk 282 7 174 6
  2018 The Humans «Goodbye» Engelsk Ikkje kvalifisert 107 11
  2019 Ester Peony «On a Sunday» Engelsk 71 13
  2020 Roxen «Alcohol You» Engelsk Tevling avlyst
  2021 Roxen «Amnesia» Engelsk Ikkje kvalifisert 85 12
  2022 Wrs «Llámame» Engelsk og spansk 65 18 118 9
  2023 Theodor Andrei «D.G.T. (Off and On)» Rumensk og engelsk Ikkje kvalifisert 0 15

Røystehistorikk endre

Finalane endre

Romania har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01   Moldova 163
02   Hellas 109
03   Sverige 83
04   Russland 80
05   Sverige 70

Romania har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01   Moldova 149
02   Spania 142
03   Israel 96
04   Hellas 69
05   Portugal 65

Semifinalane (2004-2021) endre

Romania har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01   Moldova 88
02   Ungarn 69
03   Hellas 59
05   Israel 58
  Russland

Romania har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01   Moldova 108
02   Israel 86
03   Malta 63
04   Italia 60
05   Irland 59

Galleri endre

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «Romania – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 25. desember 2016. 
  2. «ESC 1993 Semi-final (Kvalifikacija za Millstreet) - full contest - Croatian Commentary». RTVSLO/EBU via YouTube. 10. oktober 2014. Henta 4. desember 2016. 
  3. «#ThrowbackThursday to 20 years ago: Eurovision 1997». eurovision.tv. 7. september 2017. Henta 10. mai 2020. 
  4. «The Eurovision Song Contest – Rules 1997». heyrick.eu. Henta 10. mai 2020. 
  5. «TVR (Romania) no longer entitled to take part in Eurovision 2016». eurovision.tv. European Broadcasting Union. 22. april 2016. Henta 22. april 2016. 
  6. Bogdan Honciuc (21. september 2016). «Take us back? Romania’s TVR applies for participation in Eurovision 2017». Wiwibloggs. 

Kjelder endre