Runeinnskriftene på Hennøy

Runeinnskriftene på Hennøy er i alt ni runeinnskrifter på ei steinblokk på Hennøya i Bremanger kommune i Vestland. Blokka ligg i ei sørvendt vik på vestsida av øya. Vika ligg ut mot eit trongt sund mellom øya og fastlandet. Dette har opp gjennom tida vore ein mykje brukt ankerplass.

Sommaren 1925 var Johs Bøe ved Vingen for å dokumentera helleristingane der. Han fekk då høyra om runane på Hennøya og laga eit notat om dei. Det var først i 1935 at han og Magnus Olsen fekk høve til å reisa ut og registrera innskriftene.

Innskrift I endre

Består av eitt ord:

þorþr

Dette er mannsnamnet Tor.

Innskrift II endre

Denne er også berre eitt ord:

atres

Det er mannsnamnet Anders.

Innskrift III endre

her:lago:þeir men er komo af
risa lade meþ loþnu skipi af (g)ulli
ok þet er i þessum steini

På norrønt er det: Hér lágu þeir menn, er kómu af Risalandi međ hlǫđnu skipi af gull. Ok þat er i þessum steini.

På moderne norsk blir det: «Her låg dei mennene som kom frå Risaland med skipet lasta med gull. Og det (gullet) er i denne steinen».

Innskrift IV endre

Dette er ei særs fragmentarisk innskrift. Den einaste bevarte delen av innskrifta er:

...þerunar þæ...

Rúnar þessar..., dvs. «Desse runene....»

Innskrift V endre

Òg denne er særs fragmentarisk:

...aik... ortir:ra...

Denne innskrifta er ikkje tydd.

Innskrift VI endre

ræist:ramr:iotun:runar

«Den ramme jotunen reiste runene.» (Ram i tydinga vond, frekk.) Magnus Olsen meiner innskriften henspiller på trollet i Hornelen, som ligg rett nord for Hennøya.

Innskrift VII endre

Denne inskrifta er også eit fragment:

...ok hænta...

Denne innskrifta er ikkje tydd.

Innskrift VIII endre

Innskrifta er skadd ved at eit hjørne av steinen er slegen av. Slutten av teksta manglar.

ǫmotr:ræist:þeir:...þo:sa...

På norrønt: Ǫgmundr reist. þeir liđu ... På moderne norsk vert det: «Ogmund rista (runene). Dei fòr ...»

Innskrift IX endre

Òg på denne innskrifta manglar slutten:

samađr:resti:runar:þæsar er uas utanb ...

På norrønt er det: Sá mađr risti runar þessar, es vas útanb ... «Den mannen rista runer som var utanb...»

Ristingane er registrert av Riksantikvaren med ID nr. 66762.

Kjelder endre

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre