Søndeledfjorden er den lengste fjorden i Aust-Agder med ei lengd på om lag 22 km. Han ligg i Risør kommune Han strekkjer seg frå Flatholmane i vest og buktar seg rundt øya Barmen som ligg like nord for sjølve Risør. Barmen har ei firkanta form og er tilknytt fastlandet via eit eid i det søraustlege hjørnet som berre er om lag 200 meter breitt. Søndeledfjorden er delt inn i fire mindre fjordar, Østerfjorden, Nordfjorden, Rødsfjorden og Sørfjorden. Østerfjorden er den delen som ligg aust for Barmen og har ei lengd på om lag 4,5 km. Nordfjorden ligg på nordsida av Barmen og utgjer om lag 7,5 km av fjorden. Rødsfjorden ligg på vestsida av Barmen med ei lengd på om lag 2,5 km, medan Sørfjorden er den inste delen av Søndeledfjorden med ei lengd på om lag 7,5 km.

Mellom Nordfjorden og Rødsfjorden ligg øya Frøyna og frå her held Søndeledfjorden fram vestover og inn mot bygda Søndeled