Musøyre

planteart
(Omdirigert frå Salix herbacea)
Musøyre
Musøyre
Musøyre
Musøyrehoe
Musøyrehoe
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vierordenen Malpighiales
Familie: Vierfamilien Salicaceae
Slekt: Vierslekta Salix
Art: Musøyre S. herbacea
Vitskapleg namn
Salix herbacea

Musøyre (Salix herbacea) er ein plante i pilefamilien, også kalla vierfamilien. Han er ein tresort, men blir rekna som den minste tresorten i verda. Planten blir 1 til 5 cm høg og blomstrar i juni til juli. Blada er grøne, ein til to cm breie, med nedbøyde sagtenner. Hannraklen er gulfarga, medan kjønnsorgana til hoblomen er raude. Han liknar på polarvier. Fruktene til hoblomane (kapslar) er derimot større og meir iaugefallande hjå rynkevier, der dei ofte svært framtredande spesielt om hausten. Hoblomane til musøyre er òg raud-fiolette, men langt meir unnselege.

Musøyre er ganske vanleg i Skandinavia, og kan sjåast på frisk til fuktig, mager jord oppe på snaufjell, som snøleie, vindutsette stader, strender og berghyller. Planten veks sjeldan i skog, men ein kan òg sjå han på opne lyngheier i nærleiken av skogsterreng. Han breier seg til snaufjellet i Noreg, Sverige, Island og Færøyane. I Noreg veks han i sør frå høgder på over 1 500 meter, medan han i arktiske strøk veks heilt ned til havet, t.d. i Nord-Noreg. Han veks òg på Bjørnøya og konsentrert rundt IsfjordenSvalbard.

Musøyre er tilpassa å overleva i harde arktiske og subarktiske miljø, og har ei brei utbreiing på begge sider av Nord-Atlanteren, i arktiske delen av Nordvest-Asia, Nord-Europa, Grønland og austlege Canada. Arten finst òg lengre sør på høgfjellet i Europa – sør for Pyreneane, Alpane og Rila – og dessutan ned til dei nordlege Appalachane i New York i USA.

Hybridar endre

Musøyre kan danna ei rekkje hybridar med ulike artar av Salix, mellom anna:

  • Trippelvier (Salix x arctogena, til dømes Salix herbacea x phylicifolia x polaris) - hybrid av musøyre, grønvier og polarvier, tidvis òg med sølvvier, bleikvier eller lappvier. Han er 10–100 cm høg og opprett krypande, sjeldan på fuktig fjellmark. Greinene kan slå rot i bakken, med opprette blad og raklar. Dei breitt elliptiske blada har spiss, er 2–5 cm lange og med små tenner. Blada er under bleikgrøne med gulgrøn midtnerve og 5–7 par med sidenervar frå denne. Bladskafta er berre om lag 2 mm lange. Horakla er om lag 2–3 cm lange, på nesten like lange skaft og har 2–5 store blad. Kapselen er godt synleg og grå-raud med tett behåring. Han veks i grensetraktene i indre Trøndelag, Jämtland og Härjedalen, og dessutan spreitt i nord i indre Nordland, Troms, og svensk nordvestre Norrland mot norskegrensa.

Kjelder endre

  • Stenberg, Lennart & Bo Mossberg, Steinar Moen (norsk rei.), Gyldendals store nordiske flora, Gyldendal, Oslo 2007. ISBN 978-82-05-32563-0.

Bakgrunnsstoff endre