Salve Thomasson Hodne (28. september 184522. februar 1916) var ein arbeidsformann og stortingsmann frå Hornnes i Vest-Agder. Han var medlem av Venstre.

Salve Hodne
Fødd28. september 1845
Død22. februar 1916 (70 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
Alle verv

Hodne var son til ein lensmann. Han byrja å arbeide ved Ottedals sag i Kristiansand i 1871, frå året etter var han arbeidsformann. Sidan arbeidde han der i over 40 år. Han var medlem av bystyret i Kristiansand frå 1881 til 1908, varaordførar i 1905.

Hodne var 2. representant frå Kristiansand på Stortinget i tre periodar frå 1895 til 1903. Han møtte første gongen på Stortinget i 1892-sesjonen frå 13. juli, då som 2. varamann frå same valkrinsen. I den fyrste perioden som fast representant hadde han sete i justiskomiteen, i dei to siste valbolkane var han medlem av Lagtinget, tollkomiteen og valkomiteen.

Kjelder endre