Saurlid var den plassen på Nidarnes, i følge Snorre, der liket til Olav Haraldsson vart lagt første natta av Torgils Halmason og hans menn etter slaget på Stiklestad i 1030. Torgils hadde rodd det opp Nidelva ovanfor dei husa som utgjorde det som skulle utvikle seg til byen Nidaros, lagt til ved Saurlid og lagt liket i eit skremma (lite hus) før det neste dag vart gravlagd lenger opp (sør).

Ordet er sett saman av saur (skit, lort) og led (grind, opning i gjerde).[1]

Ordet er nemnt berre ein gong. Snorre seier at på hans si tid var det erstatta av Olavslid.[2] Snorre si kjelde kan vere ei tapt translasjonskildring, Translatio sancti Olavi, om hendingane etter slaget.

Kjelder endre

  1. Hægstad og Torp, Gamalnorsk ordbok, Samlaget 1909
  2. Nils Hellan, Sagakritiske og typonymiske bemerkninger til Trondheims eldste historie. Trondhjemske samlinger 1976