Schaffhausen er ein by og ein kommune i det nordlege Sveits, hovudstad i kantonen Schaffhausen. Kommunen har 34 943 innbyggjarar (2010) med eit 31 km². Kommunesenteret ligg 403 meter over havet.Schaffhausen er den nordlegaste byen i Sveits, og ein av fire som ligg nord for Rhinen. Den gamle delen av byen har mange bygningar frå renessansen som er dekorert med utvendige fresker og skulpturar. Òg den gamle kantonsfestninga Munot er eit vanleg turistmål.

Schaffhausen
Horisonten til Schaffhausen
Horisonten til Schaffhausen
Kommunevåpenet til Schaffhausen
Kommunevåpenet til Schaffhausen


Plassering
Schaffhausen is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton Schaffhausen
Distrikt ingen
Språk tysk
Borgarmeister Thomas Feurer
Geografi
Flatevidd
 - kommune

31,00 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

34 943
  1 127,2 /km²
Koordinatar 47°42′0″N 8°38′0″E / 47.70000°N 8.63333°E / 47.70000; 8.63333
Høgd over havet 403 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 8200
Reichsstadt Schaffhausen
Reichsstadt Schaffhausen
Fri riksby i Det tysk-romerske riket
Imperial Abbey of All Saints in Schaffhausen
1190 eller 1218–1330
1415–1501
Kantonen Schaffhausen
Hovudstad Schaffhausen
Styreform Republikk
Historisk periode Mellomalderen
 - Fekk Reichsfreiheit mellom 1190 og
 - Forplikta til Habsburg 1330
 - Kjøpt sjølvstende 1415
 - Assosiert medlem av
    Det sveitsiske eidssambandet
 
1454
 - Innlemma i Sveits 1501
 - Sveitsisk sjølvstende
Reichskloster Allerheiligen, Schaffhausen
Riksklosteret Allehelgen i Schaffhausen
Kloster
Landgrevskapet Nellenburg
1080–1529 Kantonen Schaffhausen
Hovudstad Schaffhausen
Styreform Fyrstedøme
Historisk periode Mellomalderen
 - Vigsla (Leo IX) 22. november 1049
 - Paven gav of
    Nellenburg land
 
 - Fekk Hiltensweiler 1122–1389
 - Byen vart
    sveitsisk assosiset
 
1454
 - Byen innlemma i Sveits 1501
 - Innlemma i
    klosteret pg
    domkyrkja
 
 
1524
 - Nedlagd i
    Reformasjonen
 
Utsyn over Schaffhausen

Næringsliv endre

Schaffhausen har nokre større industribedrifter som mellom anna lagar røyrsystem, maskinverktøy og produserer for bilindustrien. Dessutan har ein farmasøytisk industri, og ein internasjonalt kjend klokkeprodusent.

Historie endre

Schaffhausen var ein bystat i mellomalderen, som slo eigne myntar så tidleg som i 1045. Etter ei tid under Habsburg-dominans, vann byen att sjølvstendet i 1415. Byen allierte seg med Zürich i 1457, og vart ein fullverdig medlem av den sveitsiske konføderasjonen i 1501.

Den første jarnbanen kom til Schaffhausen i 1857.

Kantonen Schaffhausen er omringa av tysk territorium på tre kantar. Den 1. april 1944 vart byen Schaffhausen råka av eit bombetokt frå det US-amerikanske flyvåpenet, som hadde forvilla seg frå tysk luftrom inn over det nøytrale Sveits. 49 sveitsarar omkom under bombinga, som byen framleis minnest med klokkekiming kvar 1. april.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre