Sel kommune

kommune i Innlandet fylke i Noreg

Sel er ein kommune nord i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke. Han grensar i nord til Dovre og Folldal, i aust og sør til Nord-Fron, og i vest til Vågå.

Sel kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Otta
Areal 905,05 km²
 - land 894,73 km²
 - vatn 10,32 km²
Folketal 5 756  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Eldri Siem (Sp)
Kommunenr. 3437
Kart
Sel kommune
61°49′01″N 9°34′24″E / 61.816944444444°N 9.5733333333333°E / 61.816944444444; 9.5733333333333
Wikimedia Commons: Sel
Nettstad: www.sel.kommune.no

Namnet «Sel» (uttala Sĕl, med stutt e) kjem av gammelnorsk Sil, som betyr stillerennande vatn i elv eller bekk.[1]

Kommunevåpenet viser ei kvinne i gull på blå botn, og symboliserer sogefiguren Pillarguri.

Horgenose 1429 moh. dannar grensefjell mellom kommunane Vågå, Dovre og Sel. Bildet viser Jettasenderen som ligg på Blåhøe like bak Horgenose

Historie endre

 
Nordre Ekre gard i Heidal
 
Sel kyrkje ved Selsverket
 
Kvitskriuprestein

Sel herad vart fyrst skipa 1. januar 1908 då dåverande Vaage (Vågå) herad vart delt i dei tre einingane Vaage, Hedalen (Heidal) og Sel. På denne tida hadde Heidal eit folketal på 1 241, medan Sel hadde 2 287 innbyggjarar. Den noverande Sel kommune vart skipa 1. januar 1965 då Heidal og Sel vart slegne ihop, Heidal hadde då eit folketal på 1 731, medan Sel hadde 3 687 innbyggjarar. I tillegg vart krinsen Tolstadåsen med 35 innbyggjarar overført frå Vågå og krinsane Sandbu og Sjoa med eit samla folketal på 413 overførte frå Nord-Fron. Det har såleis ikkje vore endringar i arealet til kommunen sidan dess.

Skular og målstoda endre

Kring 1930 hadde Heidal herad tre skulekrinsar, medan dåverande Sel hadde seks krinsar. Krinsane i Heidal tok nynorsken i 1933, medan dei i Sel fekk målet i 1939. Fram til 1970 var det berre nynorskelevar i grunnskulane i Sel, mens det frå 1971 har vore parallellklasser med bokmål på Otta skole. Sidan dess har delen nynorskelevar minka stendig og låg samla for dei fire grunnskulane i kommunen på 47 % i 2012. Frå skuleåret 2012-13 vert bokmål hovudmålet ved Otta skole, medan det hausten 2013 var folkerøystingar om målforma ved Heidal og Sel skuler. Det vart store fleirtal for nynorsken, så desse skulane ville framleis halde på målet.

Utdanningsinstitusjonar endre

Verdt å sjå i Sel endre

Verdt å oppleve i Sel endre

Kjelder endre

  1. Gudbrandsdalen. Gyldendal. 1974. s. 34. ISBN 8205062838. 

Bakgrunnsstoff endre